
tirsdag 26. februar 2008
Firmahelg i Loen :-)

Alette 1 år :-)

Her er Alette i full sving! Hum... kva er dette for noko?
Sjølvsagt måtte bursdagsbarnet få kake, og den fekk vi levert i frå Westre bakeri. Så fekk vi samtidig prøvesmake kaka vi lurer på å ha i bryllaupet. Nam nam... den var god!
Alette har endå ikkje turt å sleppe seg, men spaserer så berre det rundt bordet og har fått veldig god balanse! Det er under 3 mnd til bryllaupet no, så her må det trenast viss ho skal verte leida opp kyrkjegolvet...
fredag 15. februar 2008
Vinterferie :-)
Ferie, sol og ski, denne veka kunne ikkje vore betre :-D
Tysdag var eg, Alette, Torill og Britt Elin på skitur til Åmskaret. Vi fekk fylgje av Kirsti og Lasse også. Her er damene som kosar seg med kakao og skive med brunorst. Alette sov i pulken heilt inn til Åmskaret. Etter skituren for vi i skitrekket og fekk testa føret der også :-)
Torill og Britt Elin
I dag har eg, Alette, Kirsti og Johan vore på skitur. Johan var ein liten recer til å gå på ski, ivert fall etter lydane å dømme :-) Ein kjekk tur der vi kosa oss med saft og horn med brunost på.
Johan i farta. Alette sitt i pulken og vinkar til forbipasserande...
Tysdag var eg, Alette, Torill og Britt Elin på skitur til Åmskaret. Vi fekk fylgje av Kirsti og Lasse også. Her er damene som kosar seg med kakao og skive med brunorst. Alette sov i pulken heilt inn til Åmskaret. Etter skituren for vi i skitrekket og fekk testa føret der også :-)
I dag har eg, Alette, Kirsti og Johan vore på skitur. Johan var ein liten recer til å gå på ski, ivert fall etter lydane å dømme :-) Ein kjekk tur der vi kosa oss med saft og horn med brunost på.
Alette på utforskingsferd...
mandag 11. februar 2008
Ønskeliste til bryllaupet
Mange lurer på kva vi ønsker oss i bryllaupsgåve. Vi skal no til å byggje hus, så det er mangt ein treng til både det eine og det andre. Vi har no komt fram til fylgjande:
- Tilbords - vi har lagt ut liste her (middag og kaffi servise, glas serie m.m.)
- Maleri av Kjell Ivar Saure
- Gåvekort på Skeidar eller Bohus
- Gåvekort på Coop Obs Bygg i Breivika
- Tørketrommel
- Dugnadstimar...
Morsdag
I går var det morsdag og vi bestemte oss for å reiste på Bondalseidet på ski i fineveret. Dette var Alette sin fyrste skitur i pulk og ho storkosa seg i pulken og vinka til alle som for forbi. Vi fekk fylgje av onkel Jørn, tante Tonje og Mariell, farmor og Lasse og gjekk innover mot Åmskaret.
Kjempeflott ver og vi kosa oss på tur!
Gjengen kosar seg på skitur :-)
Pappaperm :-)
Kenneth har vore heime på pappaperm i 14 dagar. Han har storkosa seg heime med Alette, medan eg har vore på jobb. Mykje har skjedd på 14 dagar og Alette seier no "heitt" og peikar på ovnen. Elles er ho veldig interessert i telefonar og seier "hallo" og "pus" til alt og alle.
Her er Alette i aksjon... Hallo?...
Sååååå stooooor er Alette :-)
fredag 8. februar 2008
Innbydelsar er på veg...
Tida går fort og det nærmar seg bryllaupsdatoen. Tysdag var eg og Kenneth i bya å tok ut kle til brudgommen. Eg fann meg kjole i haust, så no slepp vi å tenke på finstasen :-) Vi fekk også tatt ut brudebukett som Synnøve (søskenbarnet til Kenneth) skal lage. Ting byrjar å falle på plass og Martinus Riise stiller opp som toastmaster :-)
No har vi fått trykt opp og sendt ut innbydelsane, så no er det berre å sjekke postkassa! Det vert eit stort bryllaup med 70 gjestar til middag + 42 til kaffi, 112 til saman, dette verte stas!
Ein del lurer på kva vi ynskjer oss til bryllaupet, og vi kjem til å legge ut ei oversikt her. Mongt ein treng til nye huset! :-)
Abonner på:
Innlegg (Atom)