fredag 25. april 2008
Eg har fått meg vikariat :-D
Gleda var stor då eg opna postkassa onsdag og såg at der låg brav frå kommuna. Eg har fått meg inntil 100 % vikariat i Barstadvika fram til jul og på Vikemarka fram til sommaren :-D Så no kan eg slappe av og ikkje tenkje på kva eg skal gjere på til hausten... Alette har fått 100 % barnehageplass i Mosmarka, så då er alt i boks!
Forskaling av fundamenta
Fyrste grillmiddag ute.
Så vart eg henta... det var klart for utdrikkingslag...
Forige laurdag var altså den store dagen. Eg har gått lenge å tenkt på at det skulle skje denne helga, men når laurdagen kom hadde eg gløymt heile greia. Eg hadde ordna barnevakt og skulle skrive ferdig norsk oppgåva mi + hjelpe Kenneth med å ha utover singel i tomta. Den gang ei! Det vart fridag på meg i staden :-) Turen gjekk ti Volda der eg fekk aromaterapi i gåve med Astrid. Kjempedeilig! Vidare for vi til Ørsta og traff gjengen på Napoli. Bowling var neste stopp, der bruda og forlovaren vann kvar sin serie :-) Sidan det var tivoli i Ørsta enda vi opp der, men bruda gjekk ned for telling etter ein karuselltur utan like! Fyrste og siste gong!!! Vi enda opp på hytte 6 på nesa og etter ei lita kvilepause vart det pizza og bading i stamp. Kvelden avslutta vi 04.15. Ein flott dag! Søndag stod bruda i tomta og singla fundamentgrøft i strålande form!
Eit sikkert vårteikn :-)
Det eine lambet var skikkeleg stilig med svart flekk på eine auget. På tysdag var det kome 45 lamb på neset og det var framleis 7 igjen som skulle lambe, men det nærmar seg slutten. Kvar dag må Alette sjølvsagt opp å sjå korleis det står til med lamba i Myrholen også. I går kom det faktiske femlingar!!!! men berre tre overlevde. Alette har mykje å gle seg til når alle lamba snart skal ut i vårsola.
Grunnarbeid i gong...
Ei stund sidan sist oppdatering... rart kor lang tid alt skal ta, for ikkje å snakke om alt som skal gjerast før 24. mai! No er det 1 mnd igjen til kyrkjeklokkene kimer...
Her er bilete av tomta, halvegs utgråva.
Kenneth har kjørt vekk mykje masse, og arbeida i tomta kvar dag. Eg og Alette har vore ivrige tilskodarar.
Her skal vi bygge :-)
fredag 11. april 2008
No er vi i gong :-)
I går var eg opp i tomta og berga alle snøklokkene og påskeliljene som var i gamle hagen. Etter 1 times arbeid hadde eg fylt heile traktorskuffa. Desse planta eg i drivhustomta, slik at eg skal finne dei igjen til neste år.
I morgon skal eg, Astrid og Johan på byatur med kjolen min som skal leggast opp og ordnast litt på.
Supermann på besøk :-)
Søndagstur til Valderøya.
På veg inn igjen mista vi ferja på Solavågen, så vi tok oss ein svipptur ut til svigermor i Langevågen. Alette vart sjølvsagt i full vigør, og tok sine fyrste steg på eiga hand! :-D Det var tantene som fekk det til.
lørdag 5. april 2008
Hytte 7
Dagen før bryllaupet skal vi ha samling på nesa og her er linken til heimesida viss du vil sjå kvar vi samlast.
http://www.hustadnes-fjordhytter.no
Alette i full sving!
onsdag 2. april 2008
Sjå kor flink eg har vorte :-)
Alette vert flinkare å gå for kvar dag, og no held ho seg berre i ein finger, så det er vel like før ho går. Onkel Anders kom på besøk i går og Alette poserar gjerne for fotografen!
I dag var Alette på sin fyste traktor tur, noko ho likte svært godt! Sjølvsagt låg kamera igjen ned i leiligheta, så ho vart ikkje foreviga denne gongen. Men, det vert nok ikkje siste turen... Hustomta vår er no snøfri, så no er det vel ikkje lenge før vi er i full sving :-)
Svarfristen på invitasjonane til bryllaupet var i går, og mange kjem. Flott! Vi gler oss :-) Men, vi manglar svar frå eit par stykker endå. Planlegginga går sin gong, og i går fekk eg låne cd med bryllupsmarsjar, så no er alt snart i boks :-) Astrid var på besøk i går og vi har no funne ut korleis eg skal ha håret mitt og sminke mej osv... Mykje styr som skal på plass, men det er no kjekt også då!
Abonner på:
Innlegg (Atom)