
Tida går fort, berre 9 veker att til termin... Ein ting er ivertfall ferdig og det er nytt teppe til babyen. På klubb i vår og sommar har no eg dreie på dissa strikkepinnane mine og strikka 3 remser i ulike fargar. Her er resultatet! Eg strikka 3 remser a 4 fargar, sydde dei saman, tova teppet på 50 grader og hekla lausmaskar, laga figurar og filta/sydde dei på teppet. Eit godt og varmt vognteppe utover hausten og vinteren :-)