
I dag fyller Alette 3 år! Heilt utruleg kor tida går! Det var ei spente jente som vakna kl 09 i dag og gleda var stor då ho endå til fekk pakke! Her fekk ho memoryspel av mamma og pappa. Så var det familieselskap med endå fleire gåver, kan nemne togbane, leikekjøkken, prinsessekopp, Snevit og de 7 dvergene hus, klede, smykke, hørselvern, puslespel m,m. Mykje fint med andre ord!
Sjølvsagt må ein ha kaker på ein slik dag, og etter ein kikk i kakebøkene te ne mamma, var Alette klar i talen. Det vart prinsessekake, geletog og bamsekake... Så i går var det kakebaking :-) Etter ein kjempekjekk dag var det ei som var klar for senga no i kveld... Sweet dream, lisse golle våra!