fredag 13. august 2010

Litt hus - nytt...


Så var kjøkkenet ferdig! Vart kjempefint :-D Hum... skal tru om ej klara å fylle opp alle skuffene...






No er det golva på loftet som står for tur. Soveromet vårt og kontoret er ferdig :-)

Ny bil :-)


:-D Endeleg større bil og klimaanlegg!! No slepp ej å demontere vogna i 4 delar for å få den med mej!

torsdag 15. juli 2010

Såååå nyyyydeleg...


På Hustadneset har Anders og Sølvi Anita noken nydelege kattungar. Sidan raudekatten vår ikkje e meir, skal vi ha oss ny pus når vi flyttar opp. Alette har valt ut denne søte lisse kattungen som har fått namnet Gråpus :-) En nydeli liten en... Gler oss :-)

mandag 12. juli 2010

12 år aom kjærestar :-D

10 juli var det 12 år sidan eg og Kenneth vart kjærestar. Tida flyg av gårde!!! Lurte lenge på kva eg skulle finne på denne dagen, og sidan Kenneth byrja på ferien, eg ville innom fabrikkutsalget til Skogstad i Olden og Alette ville bade, enda vi opp med å booke oss inn på Alexandra i Loen :-) Ei kjempeflott familiehelg! "Å du store mi tid" va kommentaren til Alette då ho såg hotellromet. Ei kjempeflott helg med bading, god mat og avslapping! Siste nytt frå huset er at trappa er ferdig montert, steam-dusjen er montert og induksjonstoppen og vasken er komen på plass på kjøkkenet. I dag kom rørleggarane også, så no har vi fått vatn i hus :-) Kjempekjekt!

torsdag 10. juni 2010

Hus nytt :-)

Ei lita oppdatering frå huset...

På stova er taklistene montert, vindua er også ferdig lista sidan dette bilete vart teke. Gjenstår golv og dører stort sett.

Og her har vi vaskeromet. Her har vi brukt fibo trespo plater, kjempefine! Her gjenstår berre lister rundt vinduet

Her er golvet på vaskeromet ferdig :-)
.
Og her er golvet på badet nede også ferdig :-) Vart kjempefint!

Her er badet oppe. Gjenstår berre lister rundt vindue og eit par taklister...

På badet oppe har vi elvastein på golvet inne i dusjen. Veggane skal vere i glasbyggestein :-)

fredag 4. juni 2010

Golla mine :-)


Mykje artig ein kan finne på med to "dorull-dokker"... Her er Kong Peder og Dronning Alette i sving :-) So gode atte! Lenge sidan sist no, men tida strekk ikkje til til blogging lenger... I huset går det sakte men sikkert framover, spennande tid, for no ser vi det endelege resultatet etter maaaaaaaaange arbeidstimar. Flinke mann ej he!!! Skal prøve å få lagt ut litt bilder etterkvart. På loftet står det at golv, sette inn dører og golvlister. I hovudetasjen er vaskeromet og badet nesten ferdig, står at berre foringar og lister rundt vindauga. Elles er det golv, og dører igjen, + kjøkkeninnredninga. Vi får trappa levert i slutten av juni, kjempespennande å sjå!!! Mykje å glede seg til med andre ord!

mandag 24. mai 2010

2 års bryllaupsdag i dag :-)



2 år er gått sidan vår store dag! Kor tida går!!! Å så stor Alette har vorte sia!!! Lisse jenta hadde akkurat lært sej å gå, så nydeleg :-)