onsdag 30. januar 2008

Tur til Kvamsøy

I dag har eg og Alette vore på tur ut på Kvamsøya. Det er så rart med det, men eg saknar øya. Etter 2,5 år på skulen vert det eit sakn når ein sluttar... men det er nå kjekt å kome ut å få besøke vener og kjende! Alette har vore veldig tolmodig i dag! :-) Etter at supplerings ferja på Rjånes ikkje gjekk, vart det 40 min ventetid på veg utover. Då rakk eg ikkje neste ferje på Larsnes, så det vart 2 timar venting der... På veg heim måtte vi også vente 35 min på Eiksund, så no vert det ikkje teke ferje med meg på ei stond!!!! Heldigvis under ein månad til eiksundsambandet opnar!!!!

søndag 27. januar 2008

Veka som har gått...

Denne veka har den største utfordringa vore å finne barnevakt!!! Mamma var så uheldig å brakk forten for ei veke sia, så no er eg utan dagmamma... Alette har dermed vore 2 dagar på ferie i Langevågen. Kenneth skal vere heime å ha pappa perm i 14 daga + vinterferie veka etter, så då gjeng det bra til veke 7...

Elles så er no vi i full gang med byryllaups-planlegginga, og eg går no å ventar på papir til inbydelsane. Det byrjar å haste med å få dei ut....

fredag 18. januar 2008

To søte små...

Amalie og Alette leser bøker...
I dag hadde eg fri så då har eg passa Amalie. Alette vart kjempeglad då ho vokna og såg at ho hadde besøk. Jentene åt frukost i lag og leika seg kjempefint! Spsielt er dei veldig interesserte i bøker. To kjekke jenter :-)

søndag 13. januar 2008

Lisse jenta våra!

Alette kosar seg i sakkosekken sin!
Etter ein lang dag med leiking på golvet, er det godt å slappe av i sakkosekken... Alette er ikkje lita lenger, ho veks og trivast og er no snart 11 mnd. No gjeng ho rundt bordet, så no er det ikkje trygt lenger!

Kenneth har kjøpt seg arbeidsbil!


I går var Kenneth og Jørn i Olden å henta bil, ein Citroèn Berlingo 98- mod. Stolte kara kom igjen etter å ha pruta på prisen... Slik skal det gjærast!:-) Ein kjekk bil å ha no når vi skal til å bygge hus.
Her ser ein bilen med Alette på panseret. Farfar passar på.



I dag gjekk vi tur opp i garden å såg på bilen. Alette satt på akrebrett og storkosa seg! Dette var kjekt! Ho fekk til og med prøve sitje førersetet og panseret...



Alette storkosa seg på akebrett tur!

lørdag 12. januar 2008

Vi gifter oss :-)






Laurdag 24. mai vert det bryllaup!
Etter 10 år som kjærestar feirar vi bryllaup i år. Meir informasjon om bryllaupet kjem etter kvart. Vi er godt i gong med planlegginga og det meste er i boks.



No har vi fått oss blogg :-)

No har vi fått oppretta blogg og her kan dokke fylgje med på kva som skjer her i garden framover. Med både bryllaup og husbygging i vente, vert det mykje spennande å fylgje med på...