lørdag 31. januar 2009

Tur til Godøya


I midten av januar, ja ej veit ej e treige!... var eg og Alette på Godøya og besøkte Britt Elin. Ho og mannen har nettopp flytta inn i nyehuset sitt og dei hadde fått det kjempefint! Åååå, gler mej til me me verte ferdige!!! Vi var ein heil veninnegjeng frå lærarskulen som var samla, noko som var veldig kjekt! Ei stund sidan vi har vore samla alle, og det var kjekt å endeleg få møte nye verdensbogarar som eg ikkje har truffe før.
Her er heile gjengen samla. Frå venstre Solveig, Siril, Anne Mette, Britt Elin, Torill, Ann Iren og Nadia.
Her var nokon av borna; Siril m/Kasper (solveig sin lisje gut), Anette m/Marius og Alette. Tilda, Siril si jente aka seg ut av bilete... ikkje godt å få samla 4 sjønne små ungar. Ein kjempekjekk dag var det i vertfall med nydeleg lunsj! Thank you, Britt Elin!

Så var siste golvet støypt!


I dag vart siste golvet i huset støypt, nemleg badet på loftet. Så no er det isolering next...

Så kom kjøkkenet...


I haustferien var vi på Ikea og kjøpte kjøkken, og måndag fekk vi det levert. Kjøkkenet kom rett frå fabrikken i Sverige og to kara bar inn alle kolia,laminat, og kvitevarene og det var ikkje reint lite! Fekk også levert laminaten tilsoveroma på loftet. Det vert nok ei stund til vi kjem til å sette opp kjøkkenet, kanskje ut i mai ein gong... men det får no stå inn til vidare. Alette og pus måtte sjølvsagt opp å kontrollere å sjå på herlegheita...

Broderi :-)

Brodering er ein annan syssel eg styrer med på kveldane... Ikkje vorte så mykje av det i det siste, men her er nokon av tidlegare arbeid.
Her er julekalendaren min, som er vart veldig fornøgde med.
Velkommenskilt må ein ha i gangen :-)
Her var eit søtt Ole Brum bilde som eg har laga til Alette. Alle tinga har eg bestilt i borderiklubben Atelje Margareta.
Her er det fyrste og største broderiet eg har laga. Trur det tok 5 år å få det ferdig. Då skal det nemnast at eg vart så lei av dessa hjortane at eg ikkje tok til arbeidet på 2 år!
Då eg gjekk gravid med Alette broderte eg dette sengeteppe. Eg hugsa at eg byrja på det i januar og vart akkurat ferdig til ho vart fødd 21. feb 07.

Strikkedilla :-)

Ingen hemmelighet at eg likar å strikke... Eg begynte eigentleg for alvor å strikke då eg arbeida ut på Kvamsøya. Ferjeturane var lange og strikkepinnane vart ein fylgjesven. Her kjem ei lita samling av nokon av tinga som har vorte laga siste åra.

Her er Nissetrollet :-)
Her er fyrste trollet eg laga, mykje arbeid, men lærerikt :-)
Troll nr 2.
Eit utvalg nissar.

Kvite tøffler til Alette m/rosa heklekant og rose. Skal nemnast at svigermor har hekla kanten rundt!
Siste tøfflene eg laga til Alette.

Flaskenissar til jul :-)Dei fyrste eg laga.
Sidan vart det veldig mange av denne sorten, både i raudt, blått og som her med grå kropp. Var ein del som fekk denne nissen under treet eit år med vinflaske under...
Denne flotte jakka med Setesdalsmønster har svigermor laga. Ei nydeleg jakke! Eg held på med hua no, men det er tidkrevjande arbeid, sukk...
Siste eg laga no var tøffler til meg sjølv. Desse er i to farga, stikka, sytt saman og tova. Kjempegode! No har eg begynt på eit nytt par med 8 fargar...

onsdag 14. januar 2009

Lenge sidan sist.....


Lei av å sjå bilete av voksiposen no? Eg har hatt ein laaaaang ferie frå bloggen no, noko eg har fått høyre... Skal prøve å skjerpe meg! Her kjem derfor ei lita oppsummering sidan sist.

Desember gjekk som ein røyk, men ein travel innspurt på jobb i Barstadvika, husbygging, julebakst, julebord, avslutningar m.m. Det var med andre ord godt med ferie!-) God jul forresten!!! Juleafta og nyttårsafta feira vi på Hustadneset saman med familien min. Ei kjekk feiring med mykje god mat og triveleg selskap.

Rett over nyttår, nærmare bestemt 2.januar vart Kenneth 30 år. Dette måtte sjølvsagt feirast. Etter nyttår byrja eg i ny jobb på Vikemarka skule, så no slepp eg å pendle så langt :-)