onsdag 7. oktober 2009

Mens man ventar...


Strikkepinnane har gått flittig siste tida... 2 babytepper, 3 tumlingar og 10 par babylestar har det vorte til no. Nokon har eg gitt vekk og nokon får eg vel bruk for sjølv... Her er nokon av resultata.


Alette elskar Drømmehagen på barnetv, og her ein kveld fekk eg ideen om å strikke tumlingane. Slik vart dei til slutt...
Eg har også fått brodert juletrematte til jul, men den har eg ikkje fått på foto endå... No er det nye broderi prosjekt på gong...