onsdag 8. oktober 2008

Villa Myrhol :-)

For 1 og 1/2 veke sidan var taket tett og det var akkurat før nedbøren kom! Så dermed er huset så og seie turt :-) Mykje har skjedd sidan sist oppdatering. Utbygget nedover har kome opp og verandaen er no under oppføring. (Verandaen har eg ikkje bilete ta endå...) I morgon reiser vi til Oslo for å kjøpe kjøkken på IKEA :-)


Kvamsøy-tur

For ei stund sidan var vi på Kvamsøya og fekk med oss opninga av den nye ballbingen ved skulen. Eg sat i prosjektgruppa som starta det heile, og eg vart imponert over resultatet. Ein kjempeflott ballbinge som øyaveringane kan vere stolte av! Alltid kjekt å kome ut igjen på Kvamsøya og treffe vener og kjende! På turen fekk vi også med oss slamavskillaren vår til huset. Såg litt komisk ut dette her med den svære tanken på hengaren. Men turen gjekk heilt fint. Her har vi nettopp kome opp frå havets botn gjennom Eiksundsambandet.

Alette på besøk med "baby-buene"

Alette er veldig glad i dyr, og er såleis heldig som får vekse opp på gard. Titt og ofte er vi innom fjøsen så ho får helse på kalvane. Ved siste besøk var der 16 kalvar, med enno er det mange att som skal kalve. I år har det også kome tvillingar!

Plommetid!

I haust har plommetreda vore fulle av plommer, og eg og Alette har plukka plommer både på Hustadneset og i Myrholen. Alette er kjempeglad i plommer! Her ein kveld tok eg laust og laga plommesylte, plommekompott og hermetiske plommer. Nam, nam... :-)