fredag 21. mars 2008

Påskeferie :-)

Ei stund sidan siste oppdatering no... Det har vore ei travel tid fram til påske, og godt å få ferie! Ein del jubilantar har vi feira denne påska. Tysdag vart Sunniva Elise 14 år, skjærtorsdag vart mamma 55 år og søndag fyller Johan 5 år. Skjærtorsdag var vi på Rekkedal Gjestehus og åt kjempegod middag! Tidlegare i veka lava det ned med snø igjen, men vi håper denne forsvinn slik at vi kan begynne opp i tomta i byrjinga av april... I snøbygene har eg funne fram igjen strikkepinnane og strikka påskehøner. Her er nokon av dei. Det flotte påskeveret har latt vente på seg, men i morgon skal vi på Bondalseidet å gå på ski.

Vil ønske alle som er innom bloggen vår
ei riktig god påske :-)