torsdag 10. juli 2008

10 års dag i dag:-)

I dag har eg og Kenneth vore ilag i 10 år! Heilt utruleg kor tida går!

lørdag 5. juli 2008

Bilder frå bryllaupet :-)

Denne veka fekk vi bilda av fotografen vår, Lovise Mo. Mange flotte bilder og eg har fått mimra litt tilbake til vår store dag. Ein fantastisk dag som vart foreviga med heile 2000 bilete, så det har vorte mange timar framfor dataskjermen for å kike på bilete denne veka...

Stundens alvor før ekteskapsingåinga...

Så var vi herr og fru Myrhol :-D

Brudeparet m/Alette, forloverane og foreldra samla på kyrkjetrappa.

Vi tok mange fine bilete på Hustadneset, her er eit av dei med brudebilen.

Vi var også fram om grendahuset og tok flotte bilete ved elva.

Her er alle gjestane som feira dagen saman med oss :-)

Eit ekte sunmørsk kakebord.... Nam nam :-)