fredag 20. november 2009

1 mnd allereide!


Tida går kjempefort, og Peder er allereide 4 veker! Peder er ein veldig snill gut som har eit godt sovehjerte! Her går det i mating og stell og det er gjort på 30 min ca kvar 3,5 - 4 time, så ho mor fe sove på natta... Kan ikkje klage!!! I går var vi på langtur til Langevågen/Moa og det gjekk kjempefint! Var veldig spent før vi for med to ungar i baksetet... Det gjekk kjempeflott! Alette var igjen med tantene og Peder sov seg gjennom handlerunda, så vi fekk kjøpt parkett til loftstova.

Her e dei to "golla" mine klare for å legge seg :-)

Nydeleg strikkajakke :-)


Sidan vi i veke 32 fekk vite at det var lisje Peder som var på vei, byrja strikkepinnane å gå for alvor i Langevågen. Farmor diska opp med dette flotte settet til Peder. Tusen takk:-)

mandag 2. november 2009

Så kom lille Peder til verden :-)


På termindagen 25. oktober kom lille Peder til verden. Ein nydeleg liten gut som vog 3460 gram og var 50 cm lang. Endeleg er ventetida over! Og venting vart det... Det heile starta natt til laurdag med rier, men desse stoppa opp ut på morgonkvisten... So bar det heim igjen og prøve å få seg litt søvn. Laurdag ettermiddag i 18 tida byrja riene på igjen og kl 02.30 kom vi på sjukehuset. Var ei stund i tvil om det var falsk alarm igjen, men etter 2 timar var det ingen tvil, Peder skulle også bli født på termindagen, slik som Alette vart. Etter enda ei lang våken-natt vart Peder født kl 09.49.
Alette er kjempekry ta lissebroren sin! Peder vert kalla opp igjen etter tippoldefaren sin i Myrholen.


Peder i bilstolen sin. Farmor har strikka ei nydeleg jakke m/lestar og hue til lisse guten.
Peder har eit godt sovehjerte...