mandag 11. januar 2010

Peder døypt 10.01.10


I går vart Peder døypt i Hjørundfjord kyrkje. Ein kjempeflott dag! Vi feira på grendahuset med koldtbord til middag. Kl 16.00 var det dåpssermoni i kyrkja, før vi avrunda dagen med kaffi og kaker.

lørdag 9. januar 2010

Såååå nyyyydeleg...


Til jul fekk Alette seg ei nydeleg dukkeseng av mormor og morfar. Sjølvsagt måtte Peder prøveligge senga, og han passa akkurat oppi. Så søt :-D


1. juledag kom eg på at vi hadde gløymt ein pakke til Alette. Ski stod på ønskelista, og gleda var stor då ho pakka opp! Sjølvsagt måtte dei prøvast på barmark med ein gong... Store jenta mi :-D

Klar for barnedåp :-) 10.01.10


I morgon skal Peder døypast, så no er alt klappa og klart :-) Her er bilete av dåpskjolen, som vart laga av mormor til Kenneth og tante Jorid. Denne kjolen vart Kenneth døypt i for 31 år sidan. Alette vart også døypt i den, og i morgon er det altså Peder sin tur :-)

tirsdag 5. januar 2010

Fyrste middagen i huset :-)


I bryllaupet til Anders og Sølvi Anita fekk eg og Kenneth oppdrag om å halde middag i nye huset, i dag 5. januar. Kenneth fleipa om at då måtte ein ha termodress... men, rett so koseleg vart det sjølv med 10 minus grader ute. På menyen stod det fløtegratinerte poteter, juleskinke, grønsaker og heimelaga grøn pepparsaus. Nam nam... Til dessert vart det servert sjokoladepudding :-) Etter ei omvisning i huset, var det filmframsyning i frå brylaupsdagen. (vel å merke i leiligheta...) Gratulerer med 4 mnd bryllaupsdag!

God Nytt År :-D


Ynskjer alle leserane eit godt nytt år! Bilete er frå oppskytinga på Hustadneset.

lørdag 2. januar 2010

Hipp hipp hurra!


Vår kjære pappa og ektemann fyller år i dag. Gratulere så mykje med dagen Kenneth! Stor kos frå golla dine Alette, Peder og Gunnhild.