fredag 25. april 2008

Eg har fått meg vikariat :-D

Gleda var stor då eg opna postkassa onsdag og såg at der låg brav frå kommuna. Eg har fått meg inntil 100 % vikariat i Barstadvika fram til jul og på Vikemarka fram til sommaren :-D Så no kan eg slappe av og ikkje tenkje på kva eg skal gjere på til hausten... Alette har fått 100 % barnehageplass i Mosmarka, så då er alt i boks!

Forskaling av fundamenta

Onsdag byrja Kenneth å sette ut over forskaling til fundamenta. Mykje måling for å finne rett nivå. Heldigvis har vi traktor så vi har kjørt inn all singelen, så slepp vi å fare å trille på den. Fordel å bu på gard her ja! Eg har fått i oppgåve å grave grøfta til kloakk og avløp, og vart ferdig i går. Neste veke kjem rørleggarane og onsdag er det klart for støyping av grovplata og byrje å mure fredagen, trur eg....

Fyrste grillmiddag ute.

Onsdag grilla vi middag ute i fineværet. Vi fann ut at vi måtte grille no før "vårparfyma" kom for fullt rundt oss. Alette kosa seg på plenen og har vorte kjempeflink å gå dei siste dagane! No stabbar ho av gårde åleine. Flinke pie!

Så vart eg henta... det var klart for utdrikkingslag...

Forige laurdag var altså den store dagen. Eg har gått lenge å tenkt på at det skulle skje denne helga, men når laurdagen kom hadde eg gløymt heile greia. Eg hadde ordna barnevakt og skulle skrive ferdig norsk oppgåva mi + hjelpe Kenneth med å ha utover singel i tomta. Den gang ei! Det vart fridag på meg i staden :-) Turen gjekk ti Volda der eg fekk aromaterapi i gåve med Astrid. Kjempedeilig! Vidare for vi til Ørsta og traff gjengen på Napoli. Bowling var neste stopp, der bruda og forlovaren vann kvar sin serie :-) Sidan det var tivoli i Ørsta enda vi opp der, men bruda gjekk ned for telling etter ein karuselltur utan like! Fyrste og siste gong!!! Vi enda opp på hytte 6 på nesa og etter ei lita kvilepause vart det pizza og bading i stamp. Kvelden avslutta vi 04.15. Ein flott dag! Søndag stod bruda i tomta og singla fundamentgrøft i strålande form!

Eit sikkert vårteikn :-)

Kvar vår er det lambing både på Hustadneset og i Myrholen. Budeia vår Alette har dermed travle dagar, for ho skal inn i fjøsen til vennane sine heile tida. Tysdag var ho 10 - 15 gongar inn og skulle sjå til lamba. Mor måtte også tre hjelpande inn i "fødestova" og tok imot trillingar. Her er bilete av nokon søte små!
Det eine lambet var skikkeleg stilig med svart flekk på eine auget. På tysdag var det kome 45 lamb på neset og det var framleis 7 igjen som skulle lambe, men det nærmar seg slutten. Kvar dag må Alette sjølvsagt opp å sjå korleis det står til med lamba i Myrholen også. I går kom det faktiske femlingar!!!! men berre tre overlevde. Alette har mykje å gle seg til når alle lamba snart skal ut i vårsola.

Grunnarbeid i gong...


Ei stund sidan sist oppdatering... rart kor lang tid alt skal ta, for ikkje å snakke om alt som skal gjerast før 24. mai! No er det 1 mnd igjen til kyrkjeklokkene kimer...

Her er bilete av tomta, halvegs utgråva.
Kenneth har kjørt vekk mykje masse, og arbeida i tomta kvar dag. Eg og Alette har vore ivrige tilskodarar.

Tomta sett framover tunet.








Her har vi grove fundamentgrøftene rundt. Desse har vi no singla ferdig.

Her skal vi bygge :-)

Her står forhåpentleg huset vårt ferdig om eit års tid. Kenneth var på trilletur med Alette rundt Årset for ei stund sidan og tok dette bilete av tomta.


fredag 11. april 2008

No er vi i gong :-)

I dag kom Ole Stokke med gravemaskina. Ikkje lenge etter kom gravaren Arne Gjerde og sette i gong :-) Tomta er for så vidt grova, men tomta skal flyttast litte grann og det skal takast vekk ein del mold.



Her står altså huset vårt forhåpeltlegvis om 1 års tid :-)




Sjølvsagt er det spennande å få gravemaskin til gards, så vi måtte ha oss ein tur opp å sjå. Johan og jentene fylgjer spent med.
I går var eg opp i tomta og berga alle snøklokkene og påskeliljene som var i gamle hagen. Etter 1 times arbeid hadde eg fylt heile traktorskuffa. Desse planta eg i drivhustomta, slik at eg skal finne dei igjen til neste år.

Brudesvennen og brudepikene på trilletur :-) Fekk prøvd på jentene kjolane i dag og dei var altfor vide og den eine litt for kort. Her må nok eg fram med nål og tråd og sjå om eg får fixa dei...
I morgon skal eg, Astrid og Johan på byatur med kjolen min som skal leggast opp og ordnast litt på.

Supermann på besøk :-)

I dag kom supermannen Johan på besøk. Han sprang rundt i hagen og brukte superkreftene sine.

Alette fekk utforska plenen medan ho fulgte med på supermanns krumspring. Kjekt å kunne vere ute i fineværet!

Søndagstur til Valderøya.

Forige søndag var vi i Sunnmørshallen på Aktiv fritidsmesse. Det har vorte ein åreleg tradisjon, og det er kjekt å ha seg ein tur utover. Vi kika ein del på bobilar, og kunne tenkt oss å leigt oss ein slik ein eller annan gong i framtida til å farte rundt i og oppleve Noregs land :-) Her ser ein huset deira.

Etter messa for vi ut på Valderøya og besøkte Britt Elin og Karl Oskar. Her er huset deira på Godøya som vert kjempeflott når det vert ferdig! Etter omvisning på Godøya fekk vi nydeleg kveite til middag og vaffle til dessert, noko Alette likte veldig godt :-) Her kosar ho seg i sofaen.

På veg inn igjen mista vi ferja på Solavågen, så vi tok oss ein svipptur ut til svigermor i Langevågen. Alette vart sjølvsagt i full vigør, og tok sine fyrste steg på eiga hand! :-D Det var tantene som fekk det til.

lørdag 5. april 2008

Hytte 7

I dag har eg og Alette vore på Hustadneset og lakka i nye hytta. Hytta skal verte ferdig til bryllaupet, då dei fyrste gjestane kjem og skal innvie hytta, så det byrjar å haste med å få den ferdig. Alette sov i 2 timar i vogna, slik at eg fekk hjelpe pappa å lakke. Mykje arbeid, og han og Anders har gjort alt sjølve. Flinke kara!

Dagen før bryllaupet skal vi ha samling på nesa og her er linken til heimesida viss du vil sjå kvar vi samlast.
http://www.hustadnes-fjordhytter.no

Alette i full sving!


Veit dokke kor kjekt det er å rote? Berre sjå her....
Tenkte eg skulle rydde/rote litt i bleiene mine...





Sann skal det gjerast! Dette kan eg!





Sann! No er eg godt fornøgde med arbeidet!

onsdag 2. april 2008

Sjå kor flink eg har vorte :-)


Alette vert flinkare å gå for kvar dag, og no held ho seg berre i ein finger, så det er vel like før ho går. Onkel Anders kom på besøk i går og Alette poserar gjerne for fotografen!

I dag var Alette på sin fyste traktor tur, noko ho likte svært godt! Sjølvsagt låg kamera igjen ned i leiligheta, så ho vart ikkje foreviga denne gongen. Men, det vert nok ikkje siste turen... Hustomta vår er no snøfri, så no er det vel ikkje lenge før vi er i full sving :-)

Svarfristen på invitasjonane til bryllaupet var i går, og mange kjem. Flott! Vi gler oss :-) Men, vi manglar svar frå eit par stykker endå. Planlegginga går sin gong, og i går fekk eg låne cd med bryllupsmarsjar, så no er alt snart i boks :-) Astrid var på besøk i går og vi har no funne ut korleis eg skal ha håret mitt og sminke mej osv... Mykje styr som skal på plass, men det er no kjekt også då!