onsdag 11. februar 2009

Isolering...


Onsdag i forige veke kom ein heil trailer full av isolasjon til huset. Ikkje mindre enn 10 gedigne pallar med 24 pakkar på kvar pall...(og då har vi ikkje fått levert alt ein gong...)Lasten vart lesst av på Grendahuset, sidan sjåføren ikkje turde å kjøyre opp, så Kenneth fekk arbeid med å kjøyre det heile til gards med traktor. Så no har vi for alvor begynt å isolere, godt hjelpa av pappa og svigerfar. Eg har fått kyndig opplæring og er no sertifisert isolatør ;-) he he... Vi er no ferdige med ytterveggane i 1.etasje. Loftet next :-)

tirsdag 3. februar 2009

Hipp hipp hurra :-)


Så var det 28 år sidan eg såg dagens lys... Kor tida går!!!!! Fekk meg litt av ein overraskelse då eg kom på jobb i dag. På kontorplassen min stod det norsk flagg, kort og ein gedigen muffins m/melis på :-) Nam nam!! Bakdama vart straks avslørt, sidan den var innpakka i ein statoilpose..... Tusen takk, Ann Katrin :-D