fredag 5. desember 2008

Ny voksipose

Eg har vorte ein smule inspirert av andre bekjente som har laga voksiposar og lagt ut på bloggane sine. Eg tenkte som så at sidan eg har ein i barnehagen, kan det vere godt å ha ein heime også som eg kan bruke i vogna, og ikkje minst i pulken. Etter ein tur på Jysk kom eg over eit skikkeleg artig stoff med husdyr på. Midt i blinken for Alette! Ein snartur innom Princess så hadde eg eit billig fleec teppe også. Tok med voksiposen frå barnehagen som eg tok mål av og sette i gong. Etter 2 timar intens jobbing var posen ferdig. Slik vart den inni.
Og utanpå...
Ei strålande fornøgde Alette med nyeposen sin.

Bilder av huset

Her er huset sett frå tunet.
Huset sett heimanfrå.
Huset sett nedanifrå.

Bileta er tekne seint i november. No er det pussing av murar i kjellaren som står for tur, boda og teknisk rom er ferdig pussa :-)

"Når en pepperkaker baker..."


Julebaksten er i gong også i år... Laurdag var eg på nesa å baka løfser, og her ein annan dag var det pepperkake som stod for tur. Alette var veldig ivrig i bake! Spesielt å trykke ut kakene var kjekt. Her er ho i full sving.

Eit par tøffler til...


Fekk heilt strikkedilla her og laga eit par til som Alette kan ha når ho tek ein blund i vogna...

mandag 24. november 2008

Nye tøffler til jul...



Såg nokon stilige musetøffler i eit juleblad som eg tenkte eg skulle prøve meg på. Eg har strikka, tova, hekla øyrer og pynt med knappar. Under har eg hatt på antiskli så ikkje ho skal glide i koll. Her vart resultatet... Alette diggar dei og tassar avgårde i tøfflene og seier pip pip :-)

mandag 17. november 2008

Utfordringa...

Fekk ei utfordring av Åse Lill om å fortelje 7 ting dokke kanskje ikkje visste om meg, så her e dei...

1. at eg som lita sparka ball dagen lang på lødeveggen og sidan ballen hadde ein tendens til å trille utfor bakken, vart mykje av far si avlig til dyra nedtrakka... Til hans store irritasjon... Dei gongane det var vindstille på nesa, høyrde dei meg heilt til Sæbø...

2. at eg var forelska i Kenneth i 7. klassa på ungdomsskulen...

3. at eg har ein 6. plass frå NM i Linedance på Hamar 2005. Vel å merke i newcomer pulja...

4. at eg eigentleg ville verte politi. Angrar ikkje på det no...

5. at eg har hatt ein liten edderkopp på besøk i øret mitt i 1 1/2 døgn. Siste året på lærarskulen tok eg Friluftsliv. På fyrste turen i Stigedalen vakna eg fyrste natta av at noko killa mej i øret. Eg prøvde å pifte det vekk og sovna igjen. Rart alt som kraup rundt i lavoen og eg flira ta veninna mi som låg med mygghatt m/netting. Det viste seg at eg skulle nettopp hatt ein slik ein sjølv... Dagen etter tenkte eg ikkje over det, men merka at det kjentest ut som om eg hadde vatn i øyre. Dagen etter var vi på fjelltur og under matpausa kjede eg at noko begynte å kille noke febrilsk inni øyret mitt. Eg satt med fingeren i øyret og prøvde febrilsk å få det ut, utan å tiltrekke meg for mykje oppmerksomhet. Følte meg passe dum der eg satt ny i gruppa med fingeren i øyret... Etter ei lita stund begynte vi å gå igjen, og då fortsatte det på same måte. Til slutt sa eg til ei som eg gjekk ilag med, at det var noko i øyret mitt. Eg begynte å halle og riste på haudet, og jau då, der datt "det" ut og ned på handa mi. Eg fekk sjokk då eg såg ein svart litan edderkopp som sprang over handa mi... Etter 1 veke i "bushen" kom eg heim og vart anbefalt å vaske øyret hjå lege. Etter ein telefon på legesenteret fekk eg beskjed om at det var ikkje nødvendig, fordi edderkoppane ikkje la egg på denne tida av året...

6. at eg heitte Hyperinvalida i russetida. Eg var enten hyper eller invalid. Eg var ikkje akkurat den som trakk meg i duellane verken på handballbana eller i gymtimane. Ein råtass med andre ord..

7. at eg er lykkeleg gift med min kjære Kenneth, har ein liten solstråle ved navn Alette og er iferd med å få husdraumen oppfylt :-)

Sender utfordringa vidare til Sølvi Anita og Bjørn Terje :-)

Opp i Myrholen...


står det eit hus som nesten er ferdig utvendig. No er det berre øvste veggen igjen som manglar litt tankrenner og litt anna småpjask. Kenneth har denne veka fått isolert rundt murane og singla opp på nedsida av huset, og kopla til vassledninga. Så no kan snøen med andre ord berre kome... Eg har rydda og støvsuga inne i huset, så no nærmar det seg tid for rørleggarar og eletrikar :-)

Ny hue og vottar...



Alette har fått seg ny home made hue, og poserar villeg til kamera... Mamma har strikka, eg har tova og pynta. Mangt kva gamle knappar kan brukast til... Eit fint resultat :-)

tirsdag 4. november 2008

Muring av pipe...

Siste tida har Kenneth hatt lange kveldar med muring av dei 2 pipene våra. Her er bilete frå 1. etasje. Begge pipene er no komne opp på loftet, så då er det ikkje mange blokkene igjen før målet er nådd.
No har snekkerane saga hol for trappa både i 1. etasje og på loftet. Kenneth har no pussa ferdig alle murane rundt huset. Det gjenstår berre 2 veggar i garasja, så er den biten over! Flinke mann ej he!!!

Oppdatering av huset...



Lenge sidan siste oppdatering no... men her kjem ein liten biletserie... Her er ein i ferd med å sette opp altanen.
Her er plattingen vår ferdig. Ein stor veranda med mykje boltreplass for Alette... Denne var ferdig til haustferien, så det er ei stund sidan. Ej e vel treige...

mandag 3. november 2008

Oslotur i haustferien :-)


I haustferien var vi ein snartur i Oslo og bestilte kjøkken på IKEA. Venke hadde ordna den flotte suita til oss på Slottsparken Apartement hotell, der ho er husøkonom. Vi reiste nedover torsdag og kom opp igjen laurdagsnatta. Alette var på ferietur på Bondalseidet hjå tantene og framor. Fredagen morgon vart vi vekka av brannalarmen... det var gasslekasje i kjellaren. Etter ein nydeleg frokost bar det til Ikea på Slependen. Vi såg oss ut kjøkkenet i fjor, men no var det detaljplanlegging og bestilling som skulle gjerast. Etter 7 timar var kjøkkenet bestilt... :-) Eit flott kvitt og stort kjøkken med alle nye kvitevarer. Kjøkkenet heiter Faktum Lidingø og ved å gå inn på http://www.ikea.no/ så finn ein det her. Etter på var vi på ein betre middag med Astrid og Bjørn Erik på Rykkin (like ved Sandvika). Der var alle 3 systrene samla og det vart ein koseleg kveld. Eg nytta høvet til å skrive ønskeliste til jul frå Ikea... Natt til laurdag vakna vi igjen av brannalarmen, men heldigvis var det falsk alarm denne gongen. Laurdag var vi fotturistar i Oslo og rusla rundt saman med Astrid og Bjørn Erik. Deretter bar det heimover til Sunmøre...

onsdag 8. oktober 2008

Villa Myrhol :-)

For 1 og 1/2 veke sidan var taket tett og det var akkurat før nedbøren kom! Så dermed er huset så og seie turt :-) Mykje har skjedd sidan sist oppdatering. Utbygget nedover har kome opp og verandaen er no under oppføring. (Verandaen har eg ikkje bilete ta endå...) I morgon reiser vi til Oslo for å kjøpe kjøkken på IKEA :-)


Kvamsøy-tur

For ei stund sidan var vi på Kvamsøya og fekk med oss opninga av den nye ballbingen ved skulen. Eg sat i prosjektgruppa som starta det heile, og eg vart imponert over resultatet. Ein kjempeflott ballbinge som øyaveringane kan vere stolte av! Alltid kjekt å kome ut igjen på Kvamsøya og treffe vener og kjende! På turen fekk vi også med oss slamavskillaren vår til huset. Såg litt komisk ut dette her med den svære tanken på hengaren. Men turen gjekk heilt fint. Her har vi nettopp kome opp frå havets botn gjennom Eiksundsambandet.

Alette på besøk med "baby-buene"

Alette er veldig glad i dyr, og er såleis heldig som får vekse opp på gard. Titt og ofte er vi innom fjøsen så ho får helse på kalvane. Ved siste besøk var der 16 kalvar, med enno er det mange att som skal kalve. I år har det også kome tvillingar!

Plommetid!

I haust har plommetreda vore fulle av plommer, og eg og Alette har plukka plommer både på Hustadneset og i Myrholen. Alette er kjempeglad i plommer! Her ein kveld tok eg laust og laga plommesylte, plommekompott og hermetiske plommer. Nam, nam... :-)

torsdag 28. august 2008

Oppdatering av huset



Her ser vi huset slik det såg ut for ca 1 veke sia. Takstolane og utbygga har kome på plass og ein har begynt å legge duk på taket.


Her ser ein litt av hallen, kjøkkenet til høgre og stova til venstre. Blir spennande å sjå korleis det vert utsjåande til slutt...

Her ser ein bilete av delar av loftet. Her vert det to soverom framover, loftstue, soverom oppover, bad og kontor. Mange rom med andre ord...

Alette i barnehagen :-)

12. august begynte Alette i barnehagen i Mosmarka i Ørsta. Etter 3 dagar tilvenning måtte mamma tilbake på jobb, og lissepia må klare seg sjølv... Tida går utruleg fort!!! Det har gått kjempefint, og Alette storkosa seg i barnehagen! Her er ho klar fyrste dagen og kosebamsen er sjølvsagt med...

tirsdag 12. august 2008

Så var huset vårt oppe i dag :-)

I dag tidleg kl 08.00 kom huset vårt, eller rettare sagt veggane til huset vårt. Eg måtts sjølvsagt opp og forevige dette, før eg reiste til Ørsta med Alette som skulle på tilvenning i barnehagen. Her vert fyrste vegg sett opp.

På veg heim møtte eg kranbilen som kom med gavlveggane. Sidan lasten var 5 m og 70 cm høg, hadde han visse problemer med å passere straumledningane her og der, men det gjekk bra!


Då eg kom heim 4 timar etterpå, såg huset slik ut.


Her er ein i ferd med å krane på plass den andre gavlveggen. Flittige og effektive kara!

Her vert takstolane krana på plass.


Slik ser huset vårt ut frå Årseth.

Her ser ein deler av stova og deleveggar innvendig. Så langt kom dei på ein dag :-)

Oppstart råbygg i går


I går kom Enerbygg og starta med å sette opp råbygget. Til no har Kenneth i sommar hatt mykje arbeid med å legge drensrør, fylle inn til murane og støypt alle fundamenta til altanen og utbygga. I dag kom altså snekkerane og krana på plass alle innvendige veggane i kjellaren, og la ut etasjeskilje mellom kjellaren og 1. etasje. Reine danseplattingen! I morgon kjem huset våra! Det vert kjempespennande!!!

Her ser ein litt av inndeling i kjellaren.

lørdag 9. august 2008

Ferietur til Halden

Etter campingturen var vi heim og parkerte combicampen, før vi sette kursen mot Halden. Vi reiste på kvelden, slik at Alette fekk sove i bilen. Etter 10 timar køyring kom vi fram til hytta til Venke og Bjørn Terje.
Her er bilete av hytta til Venke og Bjørn Terje. Kjempekoseleg hytte med mange tekniske finesser!

Sidan hytta ligg 10 min frå Fredriksten festning, tok vi turen og vart med på innspelinga til Allsang på grensen. Her var det kjempemykje folk, nærmare sagt 9000!!! Vi klora oss fast oppe på festninga heilt bakerst, og med godt kamera var det ingen problem å zome inn...

Her har vi Wenche Myre i sving. Andre artistar som opptredde var Tor Endresen, Ketil Stokkan, Halvdan Sivertsen, Ketil og Chris og ikkje minst kom Tommy Steine alias Elvis på scena. Ein artig opplevelse å vere der!
Alette kosa seg på fanget til onkel Bjørn Terje. Tante Venke kosar seg med allsang... Eit par turar innom svenskegrensa vart det også, deriblant Grebbestad og Strømstad.
Etter ein tur innom Astrid på Rykkin, reiste vi heim fredag kveld. Laurdag var det 30 års laget til Jan Ove.

fredag 8. august 2008

Campingtur til Valldalen og Geiranger

Lenge sidan siste oppdatering no, eg har teke ferie aldeles...
Vi har vore på campingtur i Valldalen/Geiranger saman med Jørn og ungane. Vi var i Trollstigen, i Tafjorden, over til Geiranger og om Stryn heim igjen. Ein kjekke tur der ungane fekk leike seg i lag og vi fekk strålande ver heile tida! Her er nokon bilete...


Basen vår i Valldalen...


Vi hadde sjølvsagt med sykkelvogna på tur, og jentene digga å sitte inn i vogna!


Frå toppen av Trollstigen.

torsdag 10. juli 2008

10 års dag i dag:-)

I dag har eg og Kenneth vore ilag i 10 år! Heilt utruleg kor tida går!