søndag 27. desember 2009

Hus-nytt


Pipene er feridg pussa og mala både på kjøkken, stova, i kjellaren og på rommet til Peder. Stova og kjøkkenet er også ferdig mala.


Ute har våtmarksbassenget komt i jorda. Her ser ein litt av korleis terrenget vert nedanfor huset i hagen. Under her ligg eit 18 kvadratmeter stort basseng som skal rense "sortvannet" frå septiktanken.




Her er soveromet vårt som er ferdig med å kle veggane. Fargen her er caffelatte, så her gjenstår listing, foringar og golv.


Her er Alette på rommet sitt. Her er vi ferdige med veggane, og det same med rommet til Peder og kontoret. Loftstova next...

Ingen jul uten...


Julegris! Denne her er svinaktig god! Ein gamal tradisjon som stammar frå bestemor mi i Volda, og som vert laga kvart år. Ein sparegris av plast vert brukt som form. Kjevle ut marsipan og lag fyll som til delfiakake. Og det beste av alt... fyll den med kjeks og masser av godteri :-) Sjølvsagt må det godteriet kvalitetsikrast før det havnar i grisen, noko eg og Alette står for...
Pepperkake hus må også til :-)

Og her har vi pepperkakebakaren...

God Jul :-D



Vi vil ynskje alle leserane ei Gledele Jul!