lørdag 31. mai 2008

No nærmar det seg slutten på muringa :-)















Forige veke var det bryllaup og dermed ingen muring. Mandag var det i tomta og fortsette med muringa. Kenneth har arbeida til langt på kveld/natt og det viser!

I dag har vi hatt dugnad. Eg mala 30 vindusknektar (pyntelist på vindua) medan Alette sov. Det er ikkje så lett å få gjere noko medan ho er voken, så ho tok seg ein liten tur ned på nesa til mormor og morfar.

9. skifte kom på plass i dag, og ei stor takk til dugnadsgjengen Svein, Per og Jørn! No gjenstår berre U-blokka på toppen, og den får vi begynt på i morga...

torsdag 29. mai 2008

Så vart vi gift :-)

Laurdag 24. mai sa vi JA til kvarandre og feira med storbryllaup. Dagen kunne ikkje vore betre, med strålande solskin og feiring i lag med familie og vener. Eg har ikkje fått bileta endå, så eg "låner" to frå Anette sin blogg... Er veldig spent på å sjå bileta!

Fredagen starta vi det heile med grillparty på Hustadneset. Der var det grilling og sosialt samver i partyteltet. Der fann vi også brudebilen, ein Audi A4 2008 mod, kjempefin! Brudebilen vi hadde tenkt ut vart degradert og endringa var eit faktum. Aldri forseint... Så var det heim og øve på brudevalsen... (kl 00.30, merk tida!)
Så var det sjølve bryllaupsdagen. Ein flott sermoni i kyrkja var det og vi vart gift, sjølv om presten rota kraftig då han skulle erklære oss som rette ektefolk. Vi fekk beskjed om at no kunne vi gjere sann som vi ville...

På grendahuset var det duka til storfest og vi inntok ein nydeleg 3- rettars middag. Etter dette kom kaffigjestane og det vart feira til langt på natt.
Dagen etter var det etterselskap på grendahuset som hjalp til å ete opp vårt gedigne kakebord. Mange gode kaker! og ikkje minst; mange kjempeflotte gåver! Tusen takk :-)
Mandag var vi heilt utsletne og kunne nok tenkt oss å sove ut, men arbeidet kallar... Her kan ein ikkje ligge å late seg! Etter oppryddinga av bryllaupet var det rett i tomta og mure...

lørdag 10. mai 2008

Kjempebra konsert med Kurt Nilsen :-)

Torsdag kveld tok vi oss fri kl 20.30 og reiste på konsert på Rokken. Kurt Nilsen holdt ein kjempebra konsert, og var full av energi på scena. Bildet er teke med mobilen min, og ikkje av beste kvalitet, men eg fekk no foreviga na. Lyden var litt vel høge for mine øyrer og sprengde lydmålaren på mobilen til Kenneth. Den viste 114 db. Ikkje rart det piper i mine øyrer 2 døgn etterpå...

Stein på stein...

Lenge sidan siste oppdatering no... Tida går med til muring og førebuing til bryllaupet. Berre 14 dagar igjen i dag!!!! Tida går frykteleg fort!

Så langt har vi kome no. I dag har det vore stillstans, sidan det vart utdrikkingslag for Kenneth. Vi er no ferdige med 4. skifte, og er godt i gong.


I går kveld laga eg klar stilas for 5. skift.
Svigerfar har vore kjempeflink å hjelpe til, sjølv om det er mykje som skal gjerast no i våronna.

Og her er ei lita taus som vil hjelpe til!
Tonje og Mariell kom innover torsdag og har vore her i to dagar å passa Alette, så eg og Kenneth har fått mura. Mange har stilt opp og passa Alette no under muringa, og dette set vi utruleg stor pris på! Tusen takk alle saman!
Barnepassarane kosar seg under parasollen i det fine veret.
Og her ein som er veldig nysjerrig på kva dette skal verte for noko. Nytt hus?

Her vert 1. steinen lagt ned tirsdag 6. mai. Vi har til no mura 1 skift per dag.

fredag 2. mai 2008

Her er ei lita oppdatering frå tomta vår :-)

Måndag var rørleggarane å la ned røra og vi har no singla opp tomta. Kenneth har stått på og jobba til langt på kveld! Ein dyktige mann ej skal gifte mej med!






Her er ei anna taus i arbeid! Alette fekk seg bytte og spade på tysdag av Hildegunn og Bernhard, så no er ho i full aktivitet i tomta! Sunniva Elise passa på at steinen kom ned i bytta og ikkje inn i munnen...



Slik ja.... Her er ho i full sving!





Her er tomta ferdig armert og klar for støyping! Vi har vore kjempeheldige med veret så langt. Håper vi ikkje brukar opp alt no, men at vi får det fint bryllaupshelga også!


Onsdag vart grovplata støypt :-)

I dag fekk vi levert kjellarmurane, så no er det berre å sette i gong og mure :-)