søndag 29. juni 2008

Søndagstur i Klokkura

I dag tok vi turen i Klokkura, og dette var Alette sin fyrste tur i ura. Ho satt trygt plassert i bæremeisa og hadde full oversikt over alle "buene" i dalen.

Her sit Alette i hytta og kosa seg med eple juice og frence fries... Nam nam...

Etter inntak av energi var det på høg tid å vise kor sterk ho var! Ho tok laust på Svein sitt grillkål og løfta 2 kg! Sterke jente! På veg ned igjen skal det nå seiast at lisse jenta var sleta, og tok seg ein liten høneblund i meisa... Her ser vi utsikta ned gjennom dalen.

Oppdatering frå tomta















Ei stund sia siste oppdatering no. Her er Kenneth i ferd med å mure opp veggane på teknisk rom. Elles har det vore mykje forskaling og muring av fundament i kjellaren som har kome til sia sist.

Fremre Bondalen samdrift er i gong.











Fredag var eg og Alette på tur fram i fellesfjøsen på omvisning. Onkel Jørn, Johan og Amalie m.f. viste oss rundt i den store, flotte fjøsen. Alette fylgde spent med og fekk sjå mange "buer". Vi fekk til og med sjå roboten i aksjon under melking. Her er litt bilde frå omvisninga.













Jonsokfeiring på Tryset



















I år var det Jonsokfeiring på Tryset, og mange grannar frå nabogardane rundt var samla til feiring. Veret var kaldt og surt, så her måtte ein til å leite fram igjen varmedressane frå i vinter! Alette og Amalie (syskenbarnet til Alette) er veldig interesserte i traktorar, og her storkosar dei seg på traktoren :-)

Alette og flaskelamma















I år har vi 5 flaskelam og kvar dag er Alette oppe og ser og pratar med dei. Redd er ho ikkje, og det går i "bue" & "bæ" dagen lang.

fredag 20. juni 2008

Sommarferie :-D

Så var det endeleg sommarferie! I går var siste dagen og litt trist å seie hade til elevar og kollegaer på Lystad, sidan eg til hausten skal eg vere i Barstadvika. Som avslutning var vi inn i Austefjorden på museet der, før vi tok båt ut på Årsetøya. Ein kjempekjekke tur som vi avslutta med middag på kinarestauranten i Volda. Der fekk eg også overrekt ein flott orkide frå kollegane. Tusen takk alle saman!

Fru Hustadnes Myrhol :-)

No har eg fått godkjent namnendringa og heiter dermed Gunnhild Hustadnes Myrhol.

tirsdag 10. juni 2008

Hjørundfjorddagar og grillparty på Holane















Etter støypinga laurdag bar det rett på grillparty på Solhaug. Heilgrilla gris stod på menyen, og den fall i smak! Stor takk til dugnadsgjengen som stod på og laga til og grilla. Ditte fekk dokke til!
Utover kvelden tok steminiga av og eit par gode filmklipp vart det. Desse høver seg ikkje å vise her...

Søndag var vi på Sæbø på Hjørundfjorddagane. Veret var ikkje det beste, men ein del folk var det. Dugnad må til når slikt skal arrangerast så Kenneth var parkeringsvakt og eg stod på skulekjøkenet og kokte rømmegraut.

Så var kruna støypt :-)















Laurdag støypte vi kruna, eller fylde opp i ublokka. Ein del forskalingsarbeid måtte til før vi var klar... Per blanda, eg trilla, spadde over i bytter og løfta opp på stilaset og Kenneth fylde opp i. Ein effektive gjeng som fekk det unnagjort på 3 timar. 23 trilleborer måtte til, så her i garden slepp ein å fare på helsestudio!

Vidare framover no skal murane pussast på baksida, legge dreneringsrør og fyllast inn til murane igjen.

fredag 6. juni 2008

Vi har kjøpt oss sykkelvogn :-)

















Her sit ei storfornøgde jente, klar for sykkeltur! Vi har lenge vore ute etter ei sykkelvogn, slik at vi kan fare på sykkeltur heile familien. Denne veka hadde G-sport tilbud 698,- så då slo me til! Kjempekjekke vogn som lett kan demonterast og takast med på ferie, og har plass til to. Spørs om det ikkje verte ein tur til Flåm og sykkle rallarvegen i sommar.

Alette storkosa seg i vogna der ho får kike på alt som fer forbi og vinke til alle :-) So sjønn atte!

I går var vi på vår fyrste sykkeltur ned på Hustadneset og fram igjen. Gjekk kjempefint og Alette fekk helse på sauene som gjeng å beitar i stranda. På nesa var det to andre som også vart veldig fasinert av denne vogna og måtte sjølvsagt få seg ein prøvetur...

U - blokka på plass :-)















Tysdag vart vi ferdige med å mure u - blokka, så no er vi så og seie ferdige med muringa. Det gjenstår å støype opp i u-blokka, noko vi skal gjere i morgon. No er alt klart til at Enerbygg kan kome og ta mål av murane og produsere huset :-) Spennande greier!