tirsdag 18. august 2009

Nytt vognteppe.


Tida går fort, berre 9 veker att til termin... Ein ting er ivertfall ferdig og det er nytt teppe til babyen. På klubb i vår og sommar har no eg dreie på dissa strikkepinnane mine og strikka 3 remser i ulike fargar. Her er resultatet! Eg strikka 3 remser a 4 fargar, sydde dei saman, tova teppet på 50 grader og hekla lausmaskar, laga figurar og filta/sydde dei på teppet. Eit godt og varmt vognteppe utover hausten og vinteren :-)

Flytta inn no????

Etter kvart som tida går får eg høyre dette spørsmålet... Men nei, som ein ser er det langt igjen, men vi håpar på å få flytte inn til jul, men det skjer når det skjer. Tenkjer det vert bom stopp i oktober når babyen kjeme... Kenneth har stått på som ein heilt i heile sommar, godt hjelpa av Per!

Etter ferien byrja Kenneth og Per å leggje tak i stova og kjøkkenet, vart kjempefint :-)

Her har tømmerpanelen begynt å vise igjen, og veggane på stova og kjøkkenet er no nesten i boks. I tillegg er veggane grunna og mala 1 strøket, men manglar bilete akkurat av den biten.

På loftet er det lagt tak på soveroma framover, kontoret og på badet. Her er bilete av eit av soveroma.

Ferietur til Halden :-)


long time no see... Her kjem ei lita oppdatering frå sommaren 2009...
I midten av juli satte vi kursen mot Halden og ferie på hytta til Venke og BT. Der vart det fem late dagar med god mat og avslapping :-) På bilete over ser vi hytta, ei koseleg hytte med mange fasilitetar og ikkje minst 15 min frå Svinesund. Vi fekk også selskap av Jørn, Johan og Amalie og ungane storkosa seg i lag :-)
Etter 5 dagar i Halden bar det heimover og meir husbygging...