tirsdag 4. november 2008

Muring av pipe...

Siste tida har Kenneth hatt lange kveldar med muring av dei 2 pipene våra. Her er bilete frå 1. etasje. Begge pipene er no komne opp på loftet, så då er det ikkje mange blokkene igjen før målet er nådd.
No har snekkerane saga hol for trappa både i 1. etasje og på loftet. Kenneth har no pussa ferdig alle murane rundt huset. Det gjenstår berre 2 veggar i garasja, så er den biten over! Flinke mann ej he!!!

Oppdatering av huset...



Lenge sidan siste oppdatering no... men her kjem ein liten biletserie... Her er ein i ferd med å sette opp altanen.
Her er plattingen vår ferdig. Ein stor veranda med mykje boltreplass for Alette... Denne var ferdig til haustferien, så det er ei stund sidan. Ej e vel treige...

mandag 3. november 2008

Oslotur i haustferien :-)


I haustferien var vi ein snartur i Oslo og bestilte kjøkken på IKEA. Venke hadde ordna den flotte suita til oss på Slottsparken Apartement hotell, der ho er husøkonom. Vi reiste nedover torsdag og kom opp igjen laurdagsnatta. Alette var på ferietur på Bondalseidet hjå tantene og framor. Fredagen morgon vart vi vekka av brannalarmen... det var gasslekasje i kjellaren. Etter ein nydeleg frokost bar det til Ikea på Slependen. Vi såg oss ut kjøkkenet i fjor, men no var det detaljplanlegging og bestilling som skulle gjerast. Etter 7 timar var kjøkkenet bestilt... :-) Eit flott kvitt og stort kjøkken med alle nye kvitevarer. Kjøkkenet heiter Faktum Lidingø og ved å gå inn på http://www.ikea.no/ så finn ein det her. Etter på var vi på ein betre middag med Astrid og Bjørn Erik på Rykkin (like ved Sandvika). Der var alle 3 systrene samla og det vart ein koseleg kveld. Eg nytta høvet til å skrive ønskeliste til jul frå Ikea... Natt til laurdag vakna vi igjen av brannalarmen, men heldigvis var det falsk alarm denne gongen. Laurdag var vi fotturistar i Oslo og rusla rundt saman med Astrid og Bjørn Erik. Deretter bar det heimover til Sunmøre...

onsdag 8. oktober 2008

Villa Myrhol :-)

For 1 og 1/2 veke sidan var taket tett og det var akkurat før nedbøren kom! Så dermed er huset så og seie turt :-) Mykje har skjedd sidan sist oppdatering. Utbygget nedover har kome opp og verandaen er no under oppføring. (Verandaen har eg ikkje bilete ta endå...) I morgon reiser vi til Oslo for å kjøpe kjøkken på IKEA :-)


Kvamsøy-tur

For ei stund sidan var vi på Kvamsøya og fekk med oss opninga av den nye ballbingen ved skulen. Eg sat i prosjektgruppa som starta det heile, og eg vart imponert over resultatet. Ein kjempeflott ballbinge som øyaveringane kan vere stolte av! Alltid kjekt å kome ut igjen på Kvamsøya og treffe vener og kjende! På turen fekk vi også med oss slamavskillaren vår til huset. Såg litt komisk ut dette her med den svære tanken på hengaren. Men turen gjekk heilt fint. Her har vi nettopp kome opp frå havets botn gjennom Eiksundsambandet.

Alette på besøk med "baby-buene"

Alette er veldig glad i dyr, og er såleis heldig som får vekse opp på gard. Titt og ofte er vi innom fjøsen så ho får helse på kalvane. Ved siste besøk var der 16 kalvar, med enno er det mange att som skal kalve. I år har det også kome tvillingar!

Plommetid!

I haust har plommetreda vore fulle av plommer, og eg og Alette har plukka plommer både på Hustadneset og i Myrholen. Alette er kjempeglad i plommer! Her ein kveld tok eg laust og laga plommesylte, plommekompott og hermetiske plommer. Nam, nam... :-)