fredag 5. desember 2008

Ny voksipose

Eg har vorte ein smule inspirert av andre bekjente som har laga voksiposar og lagt ut på bloggane sine. Eg tenkte som så at sidan eg har ein i barnehagen, kan det vere godt å ha ein heime også som eg kan bruke i vogna, og ikkje minst i pulken. Etter ein tur på Jysk kom eg over eit skikkeleg artig stoff med husdyr på. Midt i blinken for Alette! Ein snartur innom Princess så hadde eg eit billig fleec teppe også. Tok med voksiposen frå barnehagen som eg tok mål av og sette i gong. Etter 2 timar intens jobbing var posen ferdig. Slik vart den inni.
Og utanpå...
Ei strålande fornøgde Alette med nyeposen sin.

Bilder av huset

Her er huset sett frå tunet.
Huset sett heimanfrå.
Huset sett nedanifrå.

Bileta er tekne seint i november. No er det pussing av murar i kjellaren som står for tur, boda og teknisk rom er ferdig pussa :-)

"Når en pepperkaker baker..."


Julebaksten er i gong også i år... Laurdag var eg på nesa å baka løfser, og her ein annan dag var det pepperkake som stod for tur. Alette var veldig ivrig i bake! Spesielt å trykke ut kakene var kjekt. Her er ho i full sving.

Eit par tøffler til...


Fekk heilt strikkedilla her og laga eit par til som Alette kan ha når ho tek ein blund i vogna...

mandag 24. november 2008

Nye tøffler til jul...



Såg nokon stilige musetøffler i eit juleblad som eg tenkte eg skulle prøve meg på. Eg har strikka, tova, hekla øyrer og pynt med knappar. Under har eg hatt på antiskli så ikkje ho skal glide i koll. Her vart resultatet... Alette diggar dei og tassar avgårde i tøfflene og seier pip pip :-)

mandag 17. november 2008

Utfordringa...

Fekk ei utfordring av Åse Lill om å fortelje 7 ting dokke kanskje ikkje visste om meg, så her e dei...

1. at eg som lita sparka ball dagen lang på lødeveggen og sidan ballen hadde ein tendens til å trille utfor bakken, vart mykje av far si avlig til dyra nedtrakka... Til hans store irritasjon... Dei gongane det var vindstille på nesa, høyrde dei meg heilt til Sæbø...

2. at eg var forelska i Kenneth i 7. klassa på ungdomsskulen...

3. at eg har ein 6. plass frå NM i Linedance på Hamar 2005. Vel å merke i newcomer pulja...

4. at eg eigentleg ville verte politi. Angrar ikkje på det no...

5. at eg har hatt ein liten edderkopp på besøk i øret mitt i 1 1/2 døgn. Siste året på lærarskulen tok eg Friluftsliv. På fyrste turen i Stigedalen vakna eg fyrste natta av at noko killa mej i øret. Eg prøvde å pifte det vekk og sovna igjen. Rart alt som kraup rundt i lavoen og eg flira ta veninna mi som låg med mygghatt m/netting. Det viste seg at eg skulle nettopp hatt ein slik ein sjølv... Dagen etter tenkte eg ikkje over det, men merka at det kjentest ut som om eg hadde vatn i øyre. Dagen etter var vi på fjelltur og under matpausa kjede eg at noko begynte å kille noke febrilsk inni øyret mitt. Eg satt med fingeren i øyret og prøvde febrilsk å få det ut, utan å tiltrekke meg for mykje oppmerksomhet. Følte meg passe dum der eg satt ny i gruppa med fingeren i øyret... Etter ei lita stund begynte vi å gå igjen, og då fortsatte det på same måte. Til slutt sa eg til ei som eg gjekk ilag med, at det var noko i øyret mitt. Eg begynte å halle og riste på haudet, og jau då, der datt "det" ut og ned på handa mi. Eg fekk sjokk då eg såg ein svart litan edderkopp som sprang over handa mi... Etter 1 veke i "bushen" kom eg heim og vart anbefalt å vaske øyret hjå lege. Etter ein telefon på legesenteret fekk eg beskjed om at det var ikkje nødvendig, fordi edderkoppane ikkje la egg på denne tida av året...

6. at eg heitte Hyperinvalida i russetida. Eg var enten hyper eller invalid. Eg var ikkje akkurat den som trakk meg i duellane verken på handballbana eller i gymtimane. Ein råtass med andre ord..

7. at eg er lykkeleg gift med min kjære Kenneth, har ein liten solstråle ved navn Alette og er iferd med å få husdraumen oppfylt :-)

Sender utfordringa vidare til Sølvi Anita og Bjørn Terje :-)

Opp i Myrholen...


står det eit hus som nesten er ferdig utvendig. No er det berre øvste veggen igjen som manglar litt tankrenner og litt anna småpjask. Kenneth har denne veka fått isolert rundt murane og singla opp på nedsida av huset, og kopla til vassledninga. Så no kan snøen med andre ord berre kome... Eg har rydda og støvsuga inne i huset, så no nærmar det seg tid for rørleggarar og eletrikar :-)