tirsdag 10. mars 2009

Inndeling av loftet


I vinterferien var både eg og Kenneth å arbeida i huset. Vi vart ferdige med å isolere og byrja å dele inn roma på loftet og lekte ut veggar og tak. Svigerfar laga ei flotte trapp, så no slepp vi heldigvis å klatre opp og ned stigen. Å lekte ut veggar og tak tek tid, og det er arbeid som ikkje viser så mykje igjen, men det går framover! Begge soveroma framover er no ferdige. I vinterferien var også rørleggjarane her og la opp alle rør, så no er det elektrikarar next etter at vi er ferdige med lektinga.
Denne veka har Kenneth byrja å kle raftekotta på soveroma der det skal verte leikekrok og lager. Fortsettelse følger...

Go jenta vår vart 2 år!


Sidan siste innlegg har mykje skjedd, og det har dermed vorte lita tid til blogging... 21. februar vart "golle våra" Alette 2 år. Tida har gått kjempefort og mykje har skjedd på kort tid. For eit år sidan gjekk ho å tviholdt oss i ein finger, medan no spring ho av gårde, hoppar, syng og dansar dagen lang. For kvar dag som går lærer ho nye ord og praten går i eit kjøyr... I går spurde ho: Ka ti Emil? Ho diggar nemleg Emil i lønneberget og må vente heilt til søndag for ei ny episode...
Selskap vart det sjølvsagt med koldtbord og kaker i to omgongar for å få plass til alle. Ein kjempekjekke dag!

onsdag 11. februar 2009

Isolering...


Onsdag i forige veke kom ein heil trailer full av isolasjon til huset. Ikkje mindre enn 10 gedigne pallar med 24 pakkar på kvar pall...(og då har vi ikkje fått levert alt ein gong...)Lasten vart lesst av på Grendahuset, sidan sjåføren ikkje turde å kjøyre opp, så Kenneth fekk arbeid med å kjøyre det heile til gards med traktor. Så no har vi for alvor begynt å isolere, godt hjelpa av pappa og svigerfar. Eg har fått kyndig opplæring og er no sertifisert isolatør ;-) he he... Vi er no ferdige med ytterveggane i 1.etasje. Loftet next :-)

tirsdag 3. februar 2009

Hipp hipp hurra :-)


Så var det 28 år sidan eg såg dagens lys... Kor tida går!!!!! Fekk meg litt av ein overraskelse då eg kom på jobb i dag. På kontorplassen min stod det norsk flagg, kort og ein gedigen muffins m/melis på :-) Nam nam!! Bakdama vart straks avslørt, sidan den var innpakka i ein statoilpose..... Tusen takk, Ann Katrin :-D

lørdag 31. januar 2009

Tur til Godøya


I midten av januar, ja ej veit ej e treige!... var eg og Alette på Godøya og besøkte Britt Elin. Ho og mannen har nettopp flytta inn i nyehuset sitt og dei hadde fått det kjempefint! Åååå, gler mej til me me verte ferdige!!! Vi var ein heil veninnegjeng frå lærarskulen som var samla, noko som var veldig kjekt! Ei stund sidan vi har vore samla alle, og det var kjekt å endeleg få møte nye verdensbogarar som eg ikkje har truffe før.
Her er heile gjengen samla. Frå venstre Solveig, Siril, Anne Mette, Britt Elin, Torill, Ann Iren og Nadia.
Her var nokon av borna; Siril m/Kasper (solveig sin lisje gut), Anette m/Marius og Alette. Tilda, Siril si jente aka seg ut av bilete... ikkje godt å få samla 4 sjønne små ungar. Ein kjempekjekk dag var det i vertfall med nydeleg lunsj! Thank you, Britt Elin!

Så var siste golvet støypt!


I dag vart siste golvet i huset støypt, nemleg badet på loftet. Så no er det isolering next...

Så kom kjøkkenet...


I haustferien var vi på Ikea og kjøpte kjøkken, og måndag fekk vi det levert. Kjøkkenet kom rett frå fabrikken i Sverige og to kara bar inn alle kolia,laminat, og kvitevarene og det var ikkje reint lite! Fekk også levert laminaten tilsoveroma på loftet. Det vert nok ei stund til vi kjem til å sette opp kjøkkenet, kanskje ut i mai ein gong... men det får no stå inn til vidare. Alette og pus måtte sjølvsagt opp å kontrollere å sjå på herlegheita...