mandag 27. april 2009

15 veker


Ja, som nokon allereide veit er det mangt som skjer her... Vi har båre på gleda ei stund og no er det ikkje så lett å skjule det lenger... Og særleg ikkje når Alette fortel at mamma har beby i magen... Så vi gleder oss til 22. oktober og spesielt er det når også storesyste Venke har termin 6 dagar etter :-) Så vi håper huset er ferdig innan den tid...

Huset vårt...


Denne helga har vi vore ute i fineveret og mala på visir på rekkverket på altanen. Kenneth sette i gong med å olje golvet også, så no har vi fått¨på 2 strøk ned til verandadøra. Men.... vi er på plangt nær ferdig, halva står igjen! Det vert ei stund til vi får flytte inn i huset, men eg er i ferd med å flytte inn på altanen! Var på Jysk å kjøpte oss hagemøblar, så når eg berre får olja bordet, då kan vi nyte fineværsdagane på altanen, eller vel å merke matpausene... Neste prosjekt er å male rekkverket...

Ny 3-hjulssykkel...


Før helga fekk Alette seg 3-hjulssykkel. Jubelen stod i taket, og Kenneth måtte til å skru den i hop med ein gong. Alette hadde ikkje tid til å vente til etter middag kan du skjøne... Sykkelen hadde til og med lasteplan bak med plass til pus oppi, flotte greier! Kjempekjekt med stang bak, så slepp eg å gå å bøye meg å skubbe... Her er ho på sykkeltur i tunet, sjølvsagt måtte dukkevogna med babyane hennar også vere med. Som dokke skjønar har vi denne helga mala på visir på gelenderet på altanen. Sjølvsagt skal Alette hjelpe til og går hardt inn for arbeidsoppgåvene sine... På siste biletet er ho pynta i finstas! Her er ho klar til å fare i selskap til oldemor som fyller 83 år i dag. Gratulerer! Forresten, kjenner du kjolen Venke? Er vel ca 31 år den der...

søndag 19. april 2009

I`m back...

Etter ein laaaang ferie frå dataen er eg på nett igjen. Påskeferien er over og kvardagen er over oss igjen. Mykje har skjedd i løpet av siste tida. Fredag 3. april fekk Jørn og Helene seg ei nydeleg lita jente som heiter Margit! Gratulerer så mykje!!


Palmelaurdag gjekk vi i klokkura på ski, knalldag!
Elles har det vi jobba mykje i huset... No er lektinga på loftet ferdig, vi har isolert skråtaka ferdig, laga til ventilasjonen for vifta på kjøkkenet, pussa pipe, montert sentralstøvsuger, forsterka takbjelkar, laga til siste kryploftet, begynt å lekte i 1.etasje og held på å isolere taker i 1.etasje. Så vi har har nok å gjere på... I morgon kjem elektrikarane ;-)

tirsdag 10. mars 2009

Inndeling av loftet


I vinterferien var både eg og Kenneth å arbeida i huset. Vi vart ferdige med å isolere og byrja å dele inn roma på loftet og lekte ut veggar og tak. Svigerfar laga ei flotte trapp, så no slepp vi heldigvis å klatre opp og ned stigen. Å lekte ut veggar og tak tek tid, og det er arbeid som ikkje viser så mykje igjen, men det går framover! Begge soveroma framover er no ferdige. I vinterferien var også rørleggjarane her og la opp alle rør, så no er det elektrikarar next etter at vi er ferdige med lektinga.
Denne veka har Kenneth byrja å kle raftekotta på soveroma der det skal verte leikekrok og lager. Fortsettelse følger...

Go jenta vår vart 2 år!


Sidan siste innlegg har mykje skjedd, og det har dermed vorte lita tid til blogging... 21. februar vart "golle våra" Alette 2 år. Tida har gått kjempefort og mykje har skjedd på kort tid. For eit år sidan gjekk ho å tviholdt oss i ein finger, medan no spring ho av gårde, hoppar, syng og dansar dagen lang. For kvar dag som går lærer ho nye ord og praten går i eit kjøyr... I går spurde ho: Ka ti Emil? Ho diggar nemleg Emil i lønneberget og må vente heilt til søndag for ei ny episode...
Selskap vart det sjølvsagt med koldtbord og kaker i to omgongar for å få plass til alle. Ein kjempekjekke dag!

onsdag 11. februar 2009

Isolering...


Onsdag i forige veke kom ein heil trailer full av isolasjon til huset. Ikkje mindre enn 10 gedigne pallar med 24 pakkar på kvar pall...(og då har vi ikkje fått levert alt ein gong...)Lasten vart lesst av på Grendahuset, sidan sjåføren ikkje turde å kjøyre opp, så Kenneth fekk arbeid med å kjøyre det heile til gards med traktor. Så no har vi for alvor begynt å isolere, godt hjelpa av pappa og svigerfar. Eg har fått kyndig opplæring og er no sertifisert isolatør ;-) he he... Vi er no ferdige med ytterveggane i 1.etasje. Loftet next :-)