onsdag 30. januar 2008

Tur til Kvamsøy

I dag har eg og Alette vore på tur ut på Kvamsøya. Det er så rart med det, men eg saknar øya. Etter 2,5 år på skulen vert det eit sakn når ein sluttar... men det er nå kjekt å kome ut å få besøke vener og kjende! Alette har vore veldig tolmodig i dag! :-) Etter at supplerings ferja på Rjånes ikkje gjekk, vart det 40 min ventetid på veg utover. Då rakk eg ikkje neste ferje på Larsnes, så det vart 2 timar venting der... På veg heim måtte vi også vente 35 min på Eiksund, så no vert det ikkje teke ferje med meg på ei stond!!!! Heldigvis under ein månad til eiksundsambandet opnar!!!!

Ingen kommentarer: