tirsdag 18. august 2009

Flytta inn no????

Etter kvart som tida går får eg høyre dette spørsmålet... Men nei, som ein ser er det langt igjen, men vi håpar på å få flytte inn til jul, men det skjer når det skjer. Tenkjer det vert bom stopp i oktober når babyen kjeme... Kenneth har stått på som ein heilt i heile sommar, godt hjelpa av Per!

Etter ferien byrja Kenneth og Per å leggje tak i stova og kjøkkenet, vart kjempefint :-)

Her har tømmerpanelen begynt å vise igjen, og veggane på stova og kjøkkenet er no nesten i boks. I tillegg er veggane grunna og mala 1 strøket, men manglar bilete akkurat av den biten.

På loftet er det lagt tak på soveroma framover, kontoret og på badet. Her er bilete av eit av soveroma.

Ingen kommentarer: