tirsdag 5. januar 2010

Fyrste middagen i huset :-)


I bryllaupet til Anders og Sølvi Anita fekk eg og Kenneth oppdrag om å halde middag i nye huset, i dag 5. januar. Kenneth fleipa om at då måtte ein ha termodress... men, rett so koseleg vart det sjølv med 10 minus grader ute. På menyen stod det fløtegratinerte poteter, juleskinke, grønsaker og heimelaga grøn pepparsaus. Nam nam... Til dessert vart det servert sjokoladepudding :-) Etter ei omvisning i huset, var det filmframsyning i frå brylaupsdagen. (vel å merke i leiligheta...) Gratulerer med 4 mnd bryllaupsdag!

3 kommentarer:

HG sa...

Kor trivelig da! Ditta gjekk bra ser ej :)

Åse-Lill og Runar sa...

Såg veldig koslig ut! :) Ingenting e umulig... :)

Olianne sa...

Sjå der ja, ditta såg rett so koselig ut :) Bra å sjå at dokke følge opp. Tenk at det allereie e 4mnd sia bryllupet da. Går fort ja.