søndag 29. juni 2008

Søndagstur i Klokkura

I dag tok vi turen i Klokkura, og dette var Alette sin fyrste tur i ura. Ho satt trygt plassert i bæremeisa og hadde full oversikt over alle "buene" i dalen.

Her sit Alette i hytta og kosa seg med eple juice og frence fries... Nam nam...

Etter inntak av energi var det på høg tid å vise kor sterk ho var! Ho tok laust på Svein sitt grillkål og løfta 2 kg! Sterke jente! På veg ned igjen skal det nå seiast at lisse jenta var sleta, og tok seg ein liten høneblund i meisa... Her ser vi utsikta ned gjennom dalen.

Oppdatering frå tomta















Ei stund sia siste oppdatering no. Her er Kenneth i ferd med å mure opp veggane på teknisk rom. Elles har det vore mykje forskaling og muring av fundament i kjellaren som har kome til sia sist.

Fremre Bondalen samdrift er i gong.











Fredag var eg og Alette på tur fram i fellesfjøsen på omvisning. Onkel Jørn, Johan og Amalie m.f. viste oss rundt i den store, flotte fjøsen. Alette fylgde spent med og fekk sjå mange "buer". Vi fekk til og med sjå roboten i aksjon under melking. Her er litt bilde frå omvisninga.













Jonsokfeiring på Tryset



















I år var det Jonsokfeiring på Tryset, og mange grannar frå nabogardane rundt var samla til feiring. Veret var kaldt og surt, så her måtte ein til å leite fram igjen varmedressane frå i vinter! Alette og Amalie (syskenbarnet til Alette) er veldig interesserte i traktorar, og her storkosar dei seg på traktoren :-)

Alette og flaskelamma















I år har vi 5 flaskelam og kvar dag er Alette oppe og ser og pratar med dei. Redd er ho ikkje, og det går i "bue" & "bæ" dagen lang.

fredag 20. juni 2008

Sommarferie :-D

Så var det endeleg sommarferie! I går var siste dagen og litt trist å seie hade til elevar og kollegaer på Lystad, sidan eg til hausten skal eg vere i Barstadvika. Som avslutning var vi inn i Austefjorden på museet der, før vi tok båt ut på Årsetøya. Ein kjempekjekke tur som vi avslutta med middag på kinarestauranten i Volda. Der fekk eg også overrekt ein flott orkide frå kollegane. Tusen takk alle saman!

Fru Hustadnes Myrhol :-)

No har eg fått godkjent namnendringa og heiter dermed Gunnhild Hustadnes Myrhol.