fredag 20. juni 2008

Sommarferie :-D

Så var det endeleg sommarferie! I går var siste dagen og litt trist å seie hade til elevar og kollegaer på Lystad, sidan eg til hausten skal eg vere i Barstadvika. Som avslutning var vi inn i Austefjorden på museet der, før vi tok båt ut på Årsetøya. Ein kjempekjekke tur som vi avslutta med middag på kinarestauranten i Volda. Der fekk eg også overrekt ein flott orkide frå kollegane. Tusen takk alle saman!

Ingen kommentarer: