tirsdag 18. august 2009

Nytt vognteppe.


Tida går fort, berre 9 veker att til termin... Ein ting er ivertfall ferdig og det er nytt teppe til babyen. På klubb i vår og sommar har no eg dreie på dissa strikkepinnane mine og strikka 3 remser i ulike fargar. Her er resultatet! Eg strikka 3 remser a 4 fargar, sydde dei saman, tova teppet på 50 grader og hekla lausmaskar, laga figurar og filta/sydde dei på teppet. Eit godt og varmt vognteppe utover hausten og vinteren :-)

Flytta inn no????

Etter kvart som tida går får eg høyre dette spørsmålet... Men nei, som ein ser er det langt igjen, men vi håpar på å få flytte inn til jul, men det skjer når det skjer. Tenkjer det vert bom stopp i oktober når babyen kjeme... Kenneth har stått på som ein heilt i heile sommar, godt hjelpa av Per!

Etter ferien byrja Kenneth og Per å leggje tak i stova og kjøkkenet, vart kjempefint :-)

Her har tømmerpanelen begynt å vise igjen, og veggane på stova og kjøkkenet er no nesten i boks. I tillegg er veggane grunna og mala 1 strøket, men manglar bilete akkurat av den biten.

På loftet er det lagt tak på soveroma framover, kontoret og på badet. Her er bilete av eit av soveroma.

Ferietur til Halden :-)


long time no see... Her kjem ei lita oppdatering frå sommaren 2009...
I midten av juli satte vi kursen mot Halden og ferie på hytta til Venke og BT. Der vart det fem late dagar med god mat og avslapping :-) På bilete over ser vi hytta, ei koseleg hytte med mange fasilitetar og ikkje minst 15 min frå Svinesund. Vi fekk også selskap av Jørn, Johan og Amalie og ungane storkosa seg i lag :-)
Etter 5 dagar i Halden bar det heimover og meir husbygging...

søndag 24. mai 2009

1 års bryllaupsdag!


For eit år sidan var denne gjengen samla for å feire bryllaupet vårt. Og i skrivande stund var vi vel no akkurat dansa brudevalsen, og festen var i full gong. Heilt utruleg at eit år er gått alt! Det var ein draumedag for oss med strålande vær, nydeleg middag, flotte gåver og ein kjempefest saman med familie og vener. Ein minnerik dag, som vi i dag har sett igjen på video og mimra over.


Helene og Jørn kom på besøk med vesle Margit. Alette kosar seg stolt ilag med syskenbarnet sitt, og gler seg til å verte storesyster.

mandag 27. april 2009

15 veker


Ja, som nokon allereide veit er det mangt som skjer her... Vi har båre på gleda ei stund og no er det ikkje så lett å skjule det lenger... Og særleg ikkje når Alette fortel at mamma har beby i magen... Så vi gleder oss til 22. oktober og spesielt er det når også storesyste Venke har termin 6 dagar etter :-) Så vi håper huset er ferdig innan den tid...

Huset vårt...


Denne helga har vi vore ute i fineveret og mala på visir på rekkverket på altanen. Kenneth sette i gong med å olje golvet også, så no har vi fått¨på 2 strøk ned til verandadøra. Men.... vi er på plangt nær ferdig, halva står igjen! Det vert ei stund til vi får flytte inn i huset, men eg er i ferd med å flytte inn på altanen! Var på Jysk å kjøpte oss hagemøblar, så når eg berre får olja bordet, då kan vi nyte fineværsdagane på altanen, eller vel å merke matpausene... Neste prosjekt er å male rekkverket...

Ny 3-hjulssykkel...


Før helga fekk Alette seg 3-hjulssykkel. Jubelen stod i taket, og Kenneth måtte til å skru den i hop med ein gong. Alette hadde ikkje tid til å vente til etter middag kan du skjøne... Sykkelen hadde til og med lasteplan bak med plass til pus oppi, flotte greier! Kjempekjekt med stang bak, så slepp eg å gå å bøye meg å skubbe... Her er ho på sykkeltur i tunet, sjølvsagt måtte dukkevogna med babyane hennar også vere med. Som dokke skjønar har vi denne helga mala på visir på gelenderet på altanen. Sjølvsagt skal Alette hjelpe til og går hardt inn for arbeidsoppgåvene sine... På siste biletet er ho pynta i finstas! Her er ho klar til å fare i selskap til oldemor som fyller 83 år i dag. Gratulerer! Forresten, kjenner du kjolen Venke? Er vel ca 31 år den der...