søndag 21. februar 2010

Go`jenta vår 3 år!


I dag fyller Alette 3 år! Heilt utruleg kor tida går! Det var ei spente jente som vakna kl 09 i dag og gleda var stor då ho endå til fekk pakke! Her fekk ho memoryspel av mamma og pappa. Så var det familieselskap med endå fleire gåver, kan nemne togbane, leikekjøkken, prinsessekopp, Snevit og de 7 dvergene hus, klede, smykke, hørselvern, puslespel m,m. Mykje fint med andre ord!

Sjølvsagt må ein ha kaker på ein slik dag, og etter ein kikk i kakebøkene te ne mamma, var Alette klar i talen. Det vart prinsessekake, geletog og bamsekake... Så i går var det kakebaking :-) Etter ein kjempekjekk dag var det ei som var klar for senga no i kveld... Sweet dream, lisse golle våra!

mandag 15. februar 2010

Ein nydeleg vinterdag :-)


Og dei har vi hatt mange av! Her ser vi Myrholen frå Årseth.
Og her er utsikta andre vegen...

Kom inn, kom inn :-) Kenneth e i arbeid... Flinke kar :-D
Masse snø...

Som må måkast vekk. Her er brøytemannskape i aksjon :-)

lørdag 6. februar 2010

Bursdagsfeiring :-)


Onsdag 3. februar hadde eg bursdag. Dagen vart feira med god middag,kake og besøk. Ein kjekke dag :-) Kenneth kom heim med denne digre buketten! Kjempefin :-)

mandag 11. januar 2010

Peder døypt 10.01.10


I går vart Peder døypt i Hjørundfjord kyrkje. Ein kjempeflott dag! Vi feira på grendahuset med koldtbord til middag. Kl 16.00 var det dåpssermoni i kyrkja, før vi avrunda dagen med kaffi og kaker.

lørdag 9. januar 2010

Såååå nyyyydeleg...


Til jul fekk Alette seg ei nydeleg dukkeseng av mormor og morfar. Sjølvsagt måtte Peder prøveligge senga, og han passa akkurat oppi. Så søt :-D


1. juledag kom eg på at vi hadde gløymt ein pakke til Alette. Ski stod på ønskelista, og gleda var stor då ho pakka opp! Sjølvsagt måtte dei prøvast på barmark med ein gong... Store jenta mi :-D

Klar for barnedåp :-) 10.01.10


I morgon skal Peder døypast, så no er alt klappa og klart :-) Her er bilete av dåpskjolen, som vart laga av mormor til Kenneth og tante Jorid. Denne kjolen vart Kenneth døypt i for 31 år sidan. Alette vart også døypt i den, og i morgon er det altså Peder sin tur :-)

tirsdag 5. januar 2010

Fyrste middagen i huset :-)


I bryllaupet til Anders og Sølvi Anita fekk eg og Kenneth oppdrag om å halde middag i nye huset, i dag 5. januar. Kenneth fleipa om at då måtte ein ha termodress... men, rett so koseleg vart det sjølv med 10 minus grader ute. På menyen stod det fløtegratinerte poteter, juleskinke, grønsaker og heimelaga grøn pepparsaus. Nam nam... Til dessert vart det servert sjokoladepudding :-) Etter ei omvisning i huset, var det filmframsyning i frå brylaupsdagen. (vel å merke i leiligheta...) Gratulerer med 4 mnd bryllaupsdag!