tirsdag 10. juni 2008

Hjørundfjorddagar og grillparty på Holane















Etter støypinga laurdag bar det rett på grillparty på Solhaug. Heilgrilla gris stod på menyen, og den fall i smak! Stor takk til dugnadsgjengen som stod på og laga til og grilla. Ditte fekk dokke til!
Utover kvelden tok steminiga av og eit par gode filmklipp vart det. Desse høver seg ikkje å vise her...

Søndag var vi på Sæbø på Hjørundfjorddagane. Veret var ikkje det beste, men ein del folk var det. Dugnad må til når slikt skal arrangerast så Kenneth var parkeringsvakt og eg stod på skulekjøkenet og kokte rømmegraut.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Studér bilde då...Ka i alle daga ho Janne styre me?? *Kniis*

Anonym sa...

hum... de hekje ej fått me mej, men dreiv ikkje ho å slåst med systå?

Åse-Lill og Runar sa...

Hehe...Janne og Marit e alltid slik når dei kjeme til ett visst stadium med alkohol:) Å det høre med til historia at begge gjekk i bakken...:)