fredag 11. april 2008

No er vi i gong :-)

I dag kom Ole Stokke med gravemaskina. Ikkje lenge etter kom gravaren Arne Gjerde og sette i gong :-) Tomta er for så vidt grova, men tomta skal flyttast litte grann og det skal takast vekk ein del mold.



Her står altså huset vårt forhåpeltlegvis om 1 års tid :-)




Sjølvsagt er det spennande å få gravemaskin til gards, så vi måtte ha oss ein tur opp å sjå. Johan og jentene fylgjer spent med.
I går var eg opp i tomta og berga alle snøklokkene og påskeliljene som var i gamle hagen. Etter 1 times arbeid hadde eg fylt heile traktorskuffa. Desse planta eg i drivhustomta, slik at eg skal finne dei igjen til neste år.

Brudesvennen og brudepikene på trilletur :-) Fekk prøvd på jentene kjolane i dag og dei var altfor vide og den eine litt for kort. Her må nok eg fram med nål og tråd og sjå om eg får fixa dei...
I morgon skal eg, Astrid og Johan på byatur med kjolen min som skal leggast opp og ordnast litt på.

4 kommentarer:

Solveig sa...

Her va masse kjekt å lese i dag! :-)
Bli ei spennande tid no framover, med både bryllup og hus! Det neste året kjem nok te å gå som en røyk, og før dåkke veit ordet av det, so he dåkke fått flytta inn! :-) Lykke til med bryllupsplanlegginga framover!

HG sa...

Hehe, no må du sjekke siste innlegget i blåggen vår ;P

Familien Hustadnes Myrhol sa...

Takk for det Solveig! Ja, vi har mykje å henge fingrane i, men det er kjekt også! Det byrjar å nærme seg termin no. Spennande! Håpe du får slappe av og samle krefter før lissje karen kjeme :-D

Familien Hustadnes Myrhol sa...

Ja, det såg ut so dei kosa sej godt i sofaen :-) Arit!