fredag 11. april 2008

Søndagstur til Valderøya.

Forige søndag var vi i Sunnmørshallen på Aktiv fritidsmesse. Det har vorte ein åreleg tradisjon, og det er kjekt å ha seg ein tur utover. Vi kika ein del på bobilar, og kunne tenkt oss å leigt oss ein slik ein eller annan gong i framtida til å farte rundt i og oppleve Noregs land :-) Her ser ein huset deira.

Etter messa for vi ut på Valderøya og besøkte Britt Elin og Karl Oskar. Her er huset deira på Godøya som vert kjempeflott når det vert ferdig! Etter omvisning på Godøya fekk vi nydeleg kveite til middag og vaffle til dessert, noko Alette likte veldig godt :-) Her kosar ho seg i sofaen.

På veg inn igjen mista vi ferja på Solavågen, så vi tok oss ein svipptur ut til svigermor i Langevågen. Alette vart sjølvsagt i full vigør, og tok sine fyrste steg på eiga hand! :-D Det var tantene som fekk det til.

Ingen kommentarer: