lørdag 31. mai 2008

No nærmar det seg slutten på muringa :-)















Forige veke var det bryllaup og dermed ingen muring. Mandag var det i tomta og fortsette med muringa. Kenneth har arbeida til langt på kveld/natt og det viser!

I dag har vi hatt dugnad. Eg mala 30 vindusknektar (pyntelist på vindua) medan Alette sov. Det er ikkje så lett å få gjere noko medan ho er voken, så ho tok seg ein liten tur ned på nesa til mormor og morfar.

9. skifte kom på plass i dag, og ei stor takk til dugnadsgjengen Svein, Per og Jørn! No gjenstår berre U-blokka på toppen, og den får vi begynt på i morga...

Ingen kommentarer: