lørdag 10. mai 2008

Stein på stein...

Lenge sidan siste oppdatering no... Tida går med til muring og førebuing til bryllaupet. Berre 14 dagar igjen i dag!!!! Tida går frykteleg fort!

Så langt har vi kome no. I dag har det vore stillstans, sidan det vart utdrikkingslag for Kenneth. Vi er no ferdige med 4. skifte, og er godt i gong.


I går kveld laga eg klar stilas for 5. skift.
Svigerfar har vore kjempeflink å hjelpe til, sjølv om det er mykje som skal gjerast no i våronna.

Og her er ei lita taus som vil hjelpe til!
Tonje og Mariell kom innover torsdag og har vore her i to dagar å passa Alette, så eg og Kenneth har fått mura. Mange har stilt opp og passa Alette no under muringa, og dette set vi utruleg stor pris på! Tusen takk alle saman!
Barnepassarane kosar seg under parasollen i det fine veret.
Og her ein som er veldig nysjerrig på kva dette skal verte for noko. Nytt hus?

Her vert 1. steinen lagt ned tirsdag 6. mai. Vi har til no mura 1 skift per dag.

Ingen kommentarer: