torsdag 29. mai 2008

Så vart vi gift :-)

Laurdag 24. mai sa vi JA til kvarandre og feira med storbryllaup. Dagen kunne ikkje vore betre, med strålande solskin og feiring i lag med familie og vener. Eg har ikkje fått bileta endå, så eg "låner" to frå Anette sin blogg... Er veldig spent på å sjå bileta!

Fredagen starta vi det heile med grillparty på Hustadneset. Der var det grilling og sosialt samver i partyteltet. Der fann vi også brudebilen, ein Audi A4 2008 mod, kjempefin! Brudebilen vi hadde tenkt ut vart degradert og endringa var eit faktum. Aldri forseint... Så var det heim og øve på brudevalsen... (kl 00.30, merk tida!)
Så var det sjølve bryllaupsdagen. Ein flott sermoni i kyrkja var det og vi vart gift, sjølv om presten rota kraftig då han skulle erklære oss som rette ektefolk. Vi fekk beskjed om at no kunne vi gjere sann som vi ville...

På grendahuset var det duka til storfest og vi inntok ein nydeleg 3- rettars middag. Etter dette kom kaffigjestane og det vart feira til langt på natt.
Dagen etter var det etterselskap på grendahuset som hjalp til å ete opp vårt gedigne kakebord. Mange gode kaker! og ikkje minst; mange kjempeflotte gåver! Tusen takk :-)
Mandag var vi heilt utsletne og kunne nok tenkt oss å sove ut, men arbeidet kallar... Her kan ein ikkje ligge å late seg! Etter oppryddinga av bryllaupet var det rett i tomta og mure...

2 kommentarer:

Lillabethos sa...

Gratulerer såå mye med den store dagen! Du var en nydelig brud Gunnhild!
Ønsker dere all lykke i fremtiden!!!
klem

Solveig sa...

Gratulerer med vel overstått bryllup! Ser ut som dåkke hadde en kjempefin dag. Dåkke va kjempefine begge to!! Klem