lørdag 31. januar 2009

Strikkedilla :-)

Ingen hemmelighet at eg likar å strikke... Eg begynte eigentleg for alvor å strikke då eg arbeida ut på Kvamsøya. Ferjeturane var lange og strikkepinnane vart ein fylgjesven. Her kjem ei lita samling av nokon av tinga som har vorte laga siste åra.

Her er Nissetrollet :-)
Her er fyrste trollet eg laga, mykje arbeid, men lærerikt :-)
Troll nr 2.
Eit utvalg nissar.

Kvite tøffler til Alette m/rosa heklekant og rose. Skal nemnast at svigermor har hekla kanten rundt!
Siste tøfflene eg laga til Alette.

Flaskenissar til jul :-)Dei fyrste eg laga.
Sidan vart det veldig mange av denne sorten, både i raudt, blått og som her med grå kropp. Var ein del som fekk denne nissen under treet eit år med vinflaske under...
Denne flotte jakka med Setesdalsmønster har svigermor laga. Ei nydeleg jakke! Eg held på med hua no, men det er tidkrevjande arbeid, sukk...
Siste eg laga no var tøffler til meg sjølv. Desse er i to farga, stikka, sytt saman og tova. Kjempegode! No har eg begynt på eit nytt par med 8 fargar...

2 kommentarer:

Solveig sa...

So masse fint du he laga! Du e kjempeflink! Ej strikka berre hue ej... Kan ikkje nåkke anna...hihi...

Anonym sa...

Ja ditta kan du!